Redaktør Eivind Sjåstad og redaksjonssjef Ernst Olsen er veldig glade for å ta imot prisen, sjølv om dei skulle ønskt det skjedde i ein fullsatt landsmøte-sal.
– Å få ein slik pris inspirerer oss veldig, og vi håper sjølvsagt det blir nye prisar til neste år. Vi ser storleg fram til å bli med i Ålesund frå 18.-20. mars 2022, seier Sjåstad og Olsen.
La sjela i sida
Hardanger Folkeblad fekk prisen «Årets avisside» for ei framside med ein body med tittelen velkommen Ullensvang kommune. Dette var ein ny samanslått kommune, og det var det avisa ville spela på.
– Vi hadde ei rekke ulike idear og tenkte lenge på denne framtida, og enda med å tenka på personalia-sida då vi laga framsida. I staden for å bruka natur eller ein person, tenkte vi at dette med ein body er noko alle får når dei kjem til verda, seier Sjåstad
Redaktøren forklarar at dette var ei stor historisk hending som dei ville gjera noko skikkeleg ut av, og samtidig vera med å byggja identitet i den nye kommunen.
Lokalt fekk framsida mykje merksemd, og det har den no og gjort nasjonalt med denne prisen.