Nytt år og snart nytt landsmøte! Fredag 13. mars er det klart for offisiell opning av lokalavisenes store høgdepunkt i 2020; LLAs landsmøte i Ålesund.
Vi tjuvstartar med leiarsamling, pressepolitikk og formelt årsmøte dagen før dagen, altså torsdag 12. mars, sannsynlegvis seinast klokka 17.00.
Sjølve landsmøtet opnar med kulturinnslag og inspirerande opningsforedrag fredag 13. mars klokka 11.00. Minst ein time før det, opnar vi for registrering, morgonkaffi, avisprat, leverandørtreff og Norges største avisbord!
Vi toppar LLA og lokalavisenes landsmøte med festmiddag og gjeve prisutdelingar lørdag 14. mars.
Førebels program og påmeldingslink legges ut her på LLAs nettsider ei vekes tid før jul. Vi kan love eit innhaldsrikt og fagleg nyttig program for alle på avishuset – krydra med kulturinnslag, prisutdelingar og inspirerande avisprat med gode kollegaer nærast døgnet rundt!
Alt skjer i Ålesund sentrum, på Scandic Parken (i forgrunnen på bildet under). Hotel bestilles gjennom LLA når du melder deg på landsmøtet vårt.
Følg med her på LLAs nettsider i tida frametter, men alt no: Dei av dykk som ikkje skal kjøre bil eller buss, bør sjekke SAS, Norwegian eller Hurtigruten i desse dagar og gjerne bestille billettar i god tid før jul.
Hjarteleg på gjensyn i Ålesund i mars.