Samansveisande å bli kåra til Årets lokalavis

– Det motiverte alle til å utvikle seg og bli enda betre, seier redaktør Håvar Fagerli i Fjordenes Tidende om å bli kåra til Årets lokalavis.

– Det å bli sett på denne måten gjorde at vi fekk trua på at vi gjer noko rett. Det betydde mykje for heile mediehuset, både marknadsavdelinga og redaksjonen. Dette var noko alle hadde oppnådd i lag, det var ein lagsiger, seier redaktøren, og fortel at det hadde ein samansveisande effekt.

Sjølv vart han strengt tatt del av laget etter at dei hadde gjort seg fortjent til sigeren, ettersom han starta i avisa 1. februar i fjor. Difor synest han det er lett å skryte litt ekstra, slik han gjorde i ein leiar i avisa, der dei også hadde seg sjølve på framsida. Etterpå kom det mange gratulasjonar frå lokalsamfunnet.

Redaktøren vil oppmode andre til å delta i lokalaviskonkurransane.

– Det handlar også om å lære om seg sjølv. Når ein ser tilbake på kva ein har gjort i løpet av året, kan ein sjå at ein faktisk har gjort ein heil del. Ein kan bli litt overraska over seg sjølv, seier han.

At dei får gjort ein heil del, var noko av det juryen la merke til hos Fjordenes Tidende. Dei fekk skryt for å dyrke fram nye format med podkast, strøyming, studiosendingar, aktiv bruk av sosiale medium og lesarvenleg frontarbeid, i tillegg til å lage ei papiravis som er eit «premiumprodukt».

Fjordenes Tidende er lokalavis for Vågsøy, Bremanger, Stad og deler av Vanylven kommuner.

Her kan du lese om dei ulike kategoriane og nominere bidrag til årets lokalavisprisar.