LLA Trine Skei Grande talerstole

Mediestøttemeldinga lagt fram: LLA og lokalavisene får endeleg gjennomslag for eit solid løft

Kulturminister Trine Skei Grande (Venstre) la fram regjeringas mediestøttemelding på Landslaget for lokalaviser (LLA) sitt landsmøte i Drammen i dag. I meldinga er det tydeleg at lokalavisene skal få eit etterlengta og svært nødvendig løft i årleg produksjonstilskot.

Kulturminister Trine Skei Grande blei tatt i mot av LLAs styreleiar Tomas Bruvik og generalsekretær Rune Hetland då ho kom med gode nyhende til lokalavisene fredag.

– Vi treng lokalavisene for at lokaldemokratiet skal fungere. Vi vil derfor omfordele støtte til små, lokale aviser, sa kulturministeren i dag.

Overfor 200 lokalavismedabeidarar frå store deler av Norge, understreka kulturministeren at regjeringa vil prioritera lokalavisene og gi dei eit betydelig løft i statsbudsjettet for 2020 og at dei deretter vil leggja føringar for vidare satsing på lokalavisene dei neste åra.

Dette har LLA kjempa for i mange år og vi er derfor svært nøgde med at LLA og lokalavisene har blitt høyrt i regjeringas mediemelding. Lokalavisene er grunnfjellet i det norske medielandskapet. Med den varsla auken og priorteringa, kan desse avisene gjere ein enda betra jobb for og i lokalsamfunna landet rundt. Ei større prioritering av lokalavisene kan bidra til at enda fleire lokalaviser kan ta del i ei heilt nødvendig digital omstilling dei neste åra.

– Vi gler oss derfor stort over at LLA på mange måter no blir høyrt i morgondagens mediepolitikk, seier LLAs styreleiar Tomas Bruvik og generalsekretær Rune Hetland.

– Vi har stor grunn til å vere glade og stolte for gjennomslaget som LLA og lokalavisene i dag har fått. Det vil kome lokaldemokratiet og innbyggjarane i Norge til gode, seier LLAs Tomas Bruvik og Rune Hetland.

For kommentarar og meir informasjon:

Tomas Bruvik, styreleiar i LLA, mobil 411 08 523, tomas()lla.no

Rune Hetland, generalsekretær i LLA, mobil 452 89 444, rune()lla.no

Begge er til stades på LLAs landsmøte på Scandic Ambassadeur Hotel i Drammen i heile helga.

Mediestøttemeldinga ligg på Kulturdepartmentets nettsider.

Stor interesse for mediemeldinga i dag. Her er kulturminister Trine Skei Grande og LLAs Rune Hetland i samtale om meldinga.