Gode grunner for å bli med i årets aviskonkurranser no

Denne veka bør avisa di sende inn bidrag til årets aviskonkurranser. Slik kan det bli heder og ære som blir lagt merke til i lokalmiljøet.

Dette er tre gode grunner for å bli med i LLAs aviskonkurranser:

1: Dersom avisa di vinn eller får hederleg omtale i èin av konkurransane, får lesarane og annonsørane dine ei fin påminning om at avisa di er ei attraktiv lokalavis

2: Omtale i ein av LLAs aviskonkonkurranser gir gode kolleger enda meir inspirasjon i kvardagen

3: Desto fleire som deltar i lokalaviskonkurransene, jo meir prestisjefull og spennande blir konkurransane

Vi oppmunterer derfor alle LLAs medlemsaviser til å bli med i årets aviskonkurranser. Dersom avisa di også skal til lokalavisenes landsmøte i Drammen, får du oppleve spenningen og stemningen når prisane deles ut under festmiddagen. Då skal både små og store lokalaviser få velfortjent heder og ære.

LLAs styre har den siste tida gått grundig gjennom statuttene, reglane og erfaringane for både den eine og den andre aviskonkurransen. Etter litt justeringar her og der, trur vi det skal bli enda meir spenning før vinnaravisene kjem på scenen i elvebyen Drammen i slutten av mars. Blant anna skal juryen sjå ekstra nøye på kva aviser som får mykje ut av lite når Årets lokalavis skal kåres. Og vi lover enda meir festivitas og spenning under sjølve prisutdelingane! Med andre ord: Finn fram avisas bidrag og bli med i årets aviskonkurransar før du tar helg.

Under her finn du det viktigste frå dei oppdaterte konkurransereglane for kvar kategori. PS! Fristen var 1. februar og alle bidraga skulle leverast her via nettsidene våre.

Velkommen med i årets aviskonkurranser for lokalavisene.

Årets lokalavis

LLAs Årets lokalavis-konkurranse skal inspirere medlemsavisene til aktiv produktutvikling – og hedre lokalaviser som er lim og lupe på ein god måte i lokalsamfunnet. Juryen skal vurdere avisenes innhald og form, den skal sjå på heilskapen i avisas arbeid og produkt, men kan også legge vekt på kreative og nyskapande tiltak i avisa. Juryen skal også sjå etter lokalaviser som får mykje ut av lite.

Aviser som ønskjer å delta, skal sende inn tre valgfri avisutgåver frå siste årgang. Det skal vere aviser frå begge halvår.

Deltakande aviser kan fylle ut ei enkel og svært kort eigenmelding på LLAs konkurransesider på nett. Dersom avisa ønskjer, kan ho også skrive nokre få linjer om kva avisa er god til, og eventuelle spennande lesaraktivitetar det siste året.

Juryen vurderer heilskapen i avisproduktet – både på papir og nett. Sjølv om juryen ser både på papir- og nettutgåvene til avisene, skal også aviser som ikkje har ei sterk nettsatsing kunne kåres til Årets lokalavis. Også aviser som ikkje kjem ut på papir, kan delta. Det er heilskapen som skal leggjast til grunn. Juryen ser blant anna på innhald, bilde, presentasjon og annonser.

Før Årets lokalavis-prisane blir delte ut, skal juryen nominere rundt 10 lokalaviser som potensielle vinnarar av Årets lokalavis-konkurransen. Alle dei rundt ti finaleavisene skal visast fram under prisutdelinga.

LLAs markedspris

Markedspris-konkurransen skal inspirere medlemsavisene til aktivt markeds- og salgsarbeid – og hedre lokalaviser som får mykje ut av sitt lokale annonsemarked. Juryen kan både sjå på heilskapen i avisas markedsarbeid og annonseprodukt, men kan også legge vekt på kreative og nyskapande tiltak i avisa.

Deltakande aviser kan fylle ut ei enkel og svært kort eigenmelding på LLAs konkurransesider her på nettet. Avisa skal også kort omtale den konkrete markeds- eller salgsaktiviteten som avisa bidrar med i konkurransen. Her kan avisa også gi ei kort vurdering av kva tiltaket betyr for avisas omdømme i lokalmiljøet.

Send inn maks tre eksempler på godt markeds- og annonsearbeid det siste året!

LLAs journalistpris

Journalistprisen deles ut til ein journalist eller ei lokalavis som har utført samfunnsoppdraget på ein eksemplarisk måte. Juryen ser etter saker som er eit eksempel til etterfølging for journalistikken i avisbransjen.

Aviser kan delta med enkeltsaker eller artikkelseriar. Kvar avis kan bidra med maksimum tre bidrag.

Deltakande aviser skal skrive ei eigenmelding på maksimum to A4-sider. Her skal avisa omtale det journalistiske arbeidet og grunngje kvifor journalisten eller avisa fortener journalistprisen. Avisa kan også gi ei kort eigenvurdering av kva tiltaket betyr for avisas omdømme i lokalmiljøet.

Årets digitale satsing

LLAs digital-konkurranse skal inspirere medlemsavisene til digital produktutvikling. Avisene kan bidra både med digital historiefortelling, lyd- og videoinnslag, animasjonar, grafikk eller andre måtar å gjere lokalavisas innhald spennande og tiltalande for lesarane på nett. I Årets digitale satsing skal juryen mest sjå på enkeltavisers kreative og nyskapande tiltak, men kan også sjå på den digitale heilskapen til avisa.

Deltakande aviser skal skrive ein kort omtale av avisas bidrag og digitale satsing.

Årets lokalavisfoto

LLAs fotopris skal oppmuntre til bedre fotojournalistikk i lokalavisene. Vi ser etter bilde eller videoinnslag som fangar merksemda til lesarane og gjer ei god historie enda bedre.

Avisene kan bidra med bilde i papiravisa og/eller bilde eller video på nett, og juryen står fritt til å dele ut prisane til beste bidrag, uavhengig av plattform.

Deltakande aviser kan sende inn maks tre bidrag per journalist i avisa. Eitt bidrag kan vere enkeltbilde, bildeserie og/eller videoinnslag. Bidragsytar skal også sende inn avissida der bildet har vore publisert. Dersom avisa bidrar med nett-bilde eller video, må avisa sende lenke til desse.

NB! Bildefiler skal vere i jpeg-format, maks 5 megabyte per bilde. Bildefilene skal merkast med navn på avisa og fotografen, for eksempel slik: Lokalavisa_AnneNilsen_1. Send også inn ei pdf-fil av avissidene/nettsidene der bildene blei publisert.

Årets lokalavisside

Årets lokalavisside skal oppmuntre til god formgjeving og eit bevisst forhold mellom presentasjon og innhald i papirutgåvene. Avisene kan bidra både med nyhetssider, reportasjesider eller førstesider.

Kvar avis kan bidra med maks tre bidrag kvar, og LLAs fagjury velger ut fem finalebidrag. Deretter stemmer landsmøtedeltakarane fram Årets lokalavisside.

For alle konkurransane:

Det kostar 800 kroner å delta i Årets lokalavis-konkurransen og 500 kroner for kvar av dei andre konkurranseklassane. Det er same pris uansett kor mange bidrag som blir sendt inn i kvar klasse.

Alle bidrag må ha blitt publisert eller gjennomført i løpet av 2018.

Felles frist for alle konkurransane var fredag 1. februar 2019. Alle bidraga skulle sendes inn her på nettsidene våre. Innsendt bidrag betyr at avisa er påmeldt, det er ikkje eige påmeldingskjema utover dette.

Alle prisar blir delt ut på LLAs landsmøte i Drammen frå fredag 29. mars 2019. Avisa kan sjølvsagt delta i alle konkurransar uavhengig om avisa er med på landsmøtet eller ikkje. Alle LLAs aviser oppfordres til å delta. Desto fleire som er med, jo meir spennande og ærefulle blir konkurransane!

Meir om LLAs landsmøte.