Fakta eller fiksjon om elvebyen Drammen og LLAs landsmøte 2019?

Heilt på høgde med NRKs dramaserie «Lykkeland», slår også vi i Landslaget for lokalaviser til med vår eigen faktasjekk her på nettet. Mens rikskringkastinga hjalp publikum med å skille fakta frå fiksjon etter kvar episode om det norske oljeeventyret, byr vi på fem svar om det norske lokalaviseventyret i Drammen til våren!

1: Er flaskepostane frå LLA verkeleg fylt med vatn frå Drammenselva?

Sjølvsagt! Til liks med medlemsavisene våre, er også LLA-sekretariatet opptatt av å gjere arbeidet vårt ekte og truverdig. Då Lene Østberg og Geir K. Hus (bildene over) før jul likevel var i Drammen for å møte foredragshaldarar og få impulsar til landsmøtet, nytta vi anledningen til å hente opp vann frå Drammenselva. Vi fylte store flasker med vatn rett frå elva – og vi kan love at det var kaldt på fingrar og tær! Spesielt fingrane blei stivfrosne då vi holdt på langs elvebredden, men etter ein halvtimes tid kunne vi ta med oss til Oslo fire flasker med seks liter vann, akkurat nok til dei over 100 småflaskene vi seinare skulle fordele vatnet i. Heile operasjonen blei dokumentert på video og bilde av vår gode MBL-kollega Trine Ohrberg-Rolfsrud i kontorfellesskapet i Kongens gate. Trine er forøvrig vokst opp i Mjøndalen, bur i Drammen i dag og har raust gitt oss gode tips om kva vi kan oppleve i elvebyen når vi skal tilbake i mars.

2: Er Drammen ein ekte elveby?

Ja, det er det ingen tvil om. Sjølve Drammenselva er 47,3 kilometer lang, og ho deler naturleg nok byen i to; på østsida ligg det opprinnelege sentrum med Bragernes Torg og landemerkene Bragernes Kirke, Drammen teater og Aass Bryggeri (bildet over). På andre sida av Bybrua ligg Strømsø torg, togstasjonen, kunnskapsparken og hotel Scandic Ambassadeur – der LLAs landsmøte opnar fredag 29. mars. Vi tjuvstarter med grave lokalt-seminar, i samarbeid med SKUP, dagen før dagen.

3: Kva rolle har elva spelt for Drammen gjennom tidene?

Drammenselva er sjølve grunnlaget for byen. Alt i Snorres kongesagaer står det om Olav den heilage som gøymde seg frå Knut den Mektige i Dramm fjord. På 1200-talet var trelasthandelen med Nederland og Danmark godt i gong takka vere godt med råvarer frå bygdene langs elva – og opp gjennom åra har driftige folk, sagbruk og tømmerfløting skapt store verdiar gjennom trelasthandelen og treforedlinga i heile regionen. Heilt fram til 1988 var det papirproduksjon langs Drammenselva. I dag heiter det gamle industriområdet «Papirbredden» og «Union Brygge», og det huser blant anna Universitetet i Sørøst-Norge og biblioteket i byen. Etter den offisielle opninga av LLAs landsmøte inne på hotellet, skal vi ut og gå. På Papirbredden (bildet over) får vi vite litt om historia for området og møte unge lesarar som studerer visuell kommunikasjon. Vi håper også dei kjem med sine forventningar til morgondagens lokalaviser.

4: Er det rett at byen har vore gjennom ei stor fornying dei siste åra?

Absolutt – og det er èin av grunnane til at LLA har landsmøte i Drammen i år. Vi er jo alle levande opptatt av korleis lokalavisene kan bidra til å gjere lokalsamfunna våre til enda bedre plasser å bu og jobbe i. Som du kanskje hugsar, hadde LLA også eit Public Journalism-arbeid for nokre år sidan, der vi oppfordra lokalavisene til å peika på konkrete løysingar i staden for berre å kritisere det som ikkje er bra i lokalsamfunnet. Lokalavisene skal vere lim og lupe. Nettopp dette tenkte også Drammens Tidende då dei for nokre år sidan inspirerte innbyggjarane til å sjå nye muligheter og bli enda meir glad i byen sin. Når LLAs landsmøte opnar fredag 29. mars, får vi høyre meir om den store forandringa Drammen har vore gjennom – og om lokalavisas rolle for å gjere lokalsamfunnet bedre. Som vanleg avsluttar vi landsmøtet med festmiddag og gjeve prisutdelingar. I år lovar vi enda meir spenning og god stemning for små og store aviser i LLA-familien. Hugs at fristen for å sende inn bidrag til årets aviskonkurransar er 1. februar.

 

5: Kan du bruke QR-koden i flaskeposten til melde deg på?

Klart, vi er jo heildigitale også i LLA-familien! Så ta gjerne fram mobilen din og les av QR-koden på baksida av invitasjonslappen i flaska. Då kjem du rett inn til vårt digitale påmeldingsskjema. Men først må du få papirlappen opp av flaska! Det har mange aviser alt klart og det har mange aviser dokumentert på LLAs Facebook-gruppe. Avisa Lofoten, Finnmarksposten og Vest Telemark Blad fekk premie for dette før jul. Rett etter helga trekker vi ut èin ekstra vinnar blant avisene som tar utfordringa på denne sida av årsskiftet. Ken Andre Ottesen si bok «Ja, vi elsker» ligg på premiebordet. Visste du forresten at QR betyr Quick Response code og at mosaikk-og strekkode-systemet blei utvikla i Japan på 1990-talet? Men fatt mot; Hvis du ikkje orkar å styre på med flaskepostar og QR-kodar, så treng du bare trykke på linkane under her, så kjem du rett til landsmøtesidene våre. Hjarteleg velkomen til elvebyen Drammen seinast fredag 29.mars.

Her er meir landsmøteinformasjon og foreløpig program

Bli med i årets aviskonkurranser, med meir spenning for både små og store lokalaviser!

Direkte til påmeldingsskjemaet for landsmøtet.

Kjelder: Wikipedia, Store norske leksikon og LLA.