Ålesund by utsikt 6

Endeleg kan vi også sjå fram til LLAs landsmøte i Ålesund

Etter to års forsinkelser kan vi omsider glede oss til LLA og lokalavisenes landsmøte i Ålesund – frå fredag 18. mars 2022.

LLAs landsmøte på Scandic Parken i Ålesund skulle ha vore i mars 2020. Dagen før lokalavisene og gjestene var på veg, blei Norge stengt ned. Etter lang tid med pandemi, gler vi oss no stort til å ta i mot lokalavisene og andre bransjekollegaer i mars.

Vi reknar med å ha formelt årsmøte i LLA, og generalforsamling i Lokalavissamkjøringa, frå ettermiddagen/kvelden torsdag 17. mars.

Frå klokka 10.00 fredag 18. mars er det klart for registrering, leverandørbesøk, avisprat og Norges største avisbord. Offisiell landsmøteopning blir sannsynlegvis klokka 11.00 fredagen.

Utover dagen blir det valgfrie parallellsesjonar for redaksjonelle medarbeidarar, markedsmedarbeidarar og andre på avishuset.

Lørdagen gjer vi klart for lokalavisenes kanskje største idédugnad!

Landsmøtet blir avrunda med gjev festmiddagen, konsert og prisutdelingar, blant anna kårer vi Årets lokalavis.

Vi i LLA-sekretariatet arbeider no med å oppdatere heile landsmøteprogrammet. Vi tar med oss mesteparten av det vi hadde tenkt å gjere i 2020. Med forbehold om ymse justeringar, ser foreløpig program derfor slik ut:

Torsdag 17. mars 2022:

17.00: Formelt årsmøte i LLA og generalforsamling i Lokalavissamkjøringa

Fredag 18. mars 2022:

Frå 10.00: Registrering, leverandørbesøk, avisprat og Norges største avisbord

11.00: Offisiell landsmøteopning; kulturinnslag, LLAs styreleiar Øystein Øygarden og inspirasjons- og trendforedrag

13.00: Lunsj, mingling, leverandørbesøk og avisprat

14.00 – 16.30: Parallellsesjoner

19.00: Fredagspizza, oppkjøring til Årets lokalavis-utdelinga og blant anna Ken André Ottesen, BA-desken.

Lørdag 19. mars 2022

08.00 – 09.30: Frokost, avisprat og leverandørbesøk

09.30: Kulturinnslag og oppstart andre landsmøtedag, blant anna med Ingvar Sandvik, Kantar: Medietrendene for 2022 på 20 minutt

Oppkjøring til lokalavisenes store idédugnad

10.30: Lokalavisenes store idédugnad

12.00 – 13.00: Lunsj, avisprat, leverandørbesøk og Norges største avisbord

13.15 – 15.00: Idédugnaden fortsetter

Ca 15.30: Byvandring med guide

19.30: Festmiddag, kulturinnslag, gjeve prisutdelingar og konsert

Legg inn datoane i kalenderen din i dag. Hjarteleg på gjensyn i Ålesund i mars.