No er lokalavisene på plass i elvebyen Drammen!

Snart er LLA og lokalavisenes klare for Drammen og årets landsmøte. Frå førstkomande fredag byr vi på ei fin blanding av debattar, foredrag, kurs, byvandring, kultur og gjeve prisutdelinger. Og god stemning saman med verdens kjekkaste og flinkaste avisfolk! Sjekk oppdatert program her:

 

Kulturminister Trine Skei Grande (bildet) er blant gjestene våre når LLA og lokalavisenes landsmøte er godt i gang fredag 29. mars. Då skal det aller mest handle om korleis lokalavisene kan skape lokalt engasjement – og gjere nærmiljøa sine attraktive for folk å bu og arbeide i. Historien om elvebyen Drammen er eit godt og inspirerande bakteppe for årets tema. Takka vere lokalavisa og andre drivkrefters engasjement, har innbyggjarane i Drammen blitt stolte av lokalsamfunnet sitt. Første dag på landsmøtet skal vi derfor ut på byvandring for å få kunnskap, idear og inspirasjon til å engasjere oss enda meir i lokalmiljøet vårt. Dagen derpå kan du velge mellom ei rekke matnyttig foredrag og work-shops, slik at du kan reise heim frå landsmøtet med konkrete saker og spennande markedsidear som du kan bruke i eigen aviskvardag. Alt krydres med kulturinnslag og spennande prisutdelingar!

Vår programleiar Håkon Haugsbø (bildet) drar i gong debatten om nærmiljøet, lokalavisenes engasjement og ansvar seinast klokka 11.00 fredag 29. mars. Med seg på scenen har Haugsbø leiaren for kulturkomiteen på Stortinget, Kristin Ørmen Johnsen frå Drammen, sjefredaktør Kristin Monstad i Drammens Tidende og leiaren i Næringsforeningen for Drammensregionen Rune Kjølstad (bildene under). Etter kvart får vi også med oss kulturminister Trine Skei Grande, som skal presentere den nye mediemeldinga.

Sjefredaktør Kristin Monstad (t.h.) og journalist Inger Boldvik i Drammens Tidende bidrar begge på lokalavisenes landsmøte i elvebyen.

 

Deretter skal vi på inspirerande byvandring langs elvebredden – med faglege stopp på vegen. Blant anna skal vi besøke Drammens Tidende, Universitetet i Sørøst-Norge og Gildehallen til Aass Bryggeri. I avisa skal journalist Inger Boldvik snakke om «Folk i Nye Drammen», ein artikkelserie som har slått svært godt an på nett og papir. Adm direktør Øyvind Bladt Hagen og salgssjef Terje Iversen skal saman med redaktør Emma Huisman Moskvil i Svelviksposten fortelje om korleis lokalavisene rundt Drammen tenker digitalt for å få fleire lesarar og inntekter. På universitetet på Papirbredden får vi først bittelitt industrihistorie, deretter skal morgondagens lesarar utfordre oss. Silje Marie Murbræch, Cecilie Mæhre og Gerda Røren studerer visuell kommunikasjon og har klare meiningar om korleis lokalavisene bør vere på nett og papir. Hos Aass får vi litt historie frå Norges eldste bryggeri og litt om kva lokale kulturaktivitetar betyr for miljøet i Drammen.

Første landsmøtedag blir avrunda med sosialt samvær, avisprat og mat i glassfoajeen i Drammen teater. Då lader vi også opp til dei spennande prisutdelingane som skal vere under festmiddagen lørdagen.

Studentane som skal utfordre oss: Cecilie Mæhre (t.v.), Silje Marie Murbræch og Gerda Røren.

 

Les meir om programmet under her. Legg merke til at vi tjuvstarter dagen før dagen med grave lokalt-kurs – i samarbeid med SKUP. Også aviser som ikkje skal vere med på heile landsmøtet, kan delta på dagskurset vårt.

LLAs landsmøte er årets møteplass for alle som er glade i lokalavisene. Hjarteleg velkomen.

Program:

Torsdag 28. mars, dagen før dagen:

11.00: Grave lokalt-sekurs i samarbeid med SKUP. Blant anna om kvardagsgraving med SKUP-leiarane Silje Skiphamn, faktasjekk og lokal graving med Mina Liavik Karlsen og Kristoffer Egeberg i Faktisk.no, grave lokalt-arbeid Randi Iren Olsen og Stine Serigstad i Finnmarksposten og Kostra- og kommunebudsjett med Ole Petter Pedersen i Kommunal Rapport. Også eksempler frå LLA-avisers gravearbeid. Les meir om graveseminaret her.

Fredag 29. mars:

Frå 09.00: Mingling, avisprat, leverandørtreff, avisbord og registrering.

Samtidig er det formelt årsmøte i LLA klokka 09.00. Her kjem også kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen (bildet over) og Grethe Gynnild Johnsen, NRKs nye redaktør for mediemangfold og samarbeid, for å snakke om si nye rolle. Johnsen ønskjer innspel frå lokalavisene nå i starten på arbeidet sitt.

NRK fekk i fjor av Stortinget eit sjølvstendig ansvar til å bidra til mediemangfald.
– NRK skal nå framover definere kva det bør bety, kva ambisjonar vi skal ha og kva tiltak vi bør setje i verk. Dette er eit arbeid som må skje i forståing med viktige premissleverandørar, seier Grethe Gynnild Johnsen. Ho seier at oppdraget til NRK er særleg knytta til lokale og regionale medier, og håpar på engasjement når ho møter lokalavisene i Drammen.

10.45: Dørene til plenumssalen åpnes

11.00 (presis): Offisiell landsmøteopning med kulturinnslag, styreleiar Tomas Bruvik og deretter debatt om lokalt engasjement og lokalavisenes ansvar. Med blant anna sjefredaktør Kristin Monstad i Drammens Tidende, stortingsrepresentant Kristin Ørmen Johnsen og Rune Kjølstad i Næringsforeningen for Drammensregionen. Programleiar er Håkon Haugsbø. Deretter leverandørbesøk, avisprat og pølsebuffèt.

12.00: Pølser, lomper og leverandørtreff

12.40: Kulturminister Trine Skei Grande

13.30: Byvandring langs elvebredden – med fagleg stopp undervegs. Vi går elvelangs og besøker blant anna Drammens Tidende, Papirbredden/Universitetet i Sørøst-Norge (bildet) og Gildehallen til Aass Bryggeri.

19.00: I glassfoajeen til Drammen Teater: Mingling, avisprat, avis- og popquiz med Erik Engen, mat og opplading til prisutdelingane. Drammensfotografen Nina Holtan deler ut pris for dagens beste bilde frå lokalmiljøet.

Lørdag 30. mars

Frå 09.00: Mingling, avisprat, leverandørtreff og avisbord

09.30 – 10.30: Landsmøteopning dag to. Kulturinnslag, inspirasjonsforedrag med Cathrine Magnus frå Olav Thon Gruppen (bildet) og digital oppvåkningsprat med blant anna Mattias Mellquist i Akershus Amtstidende, Fridtjof Nygaard i Schibstedavisene og LLAs digitale prosjektleiar Tomas Bruvik. Medietilsynets direktør Mari Velsand har blant anna litt om innovasjonstilskotet.

11.00: Praktiske parallellsesjonar for dei aller fleste på avishuset. Sjekk fagspora for lørdagen her.

12.30: Lunsj

13.30: Parallellsesjonane fortsetter

19.00: Festmiddag med gjeve prisutdelingar. Blant anna kårer vi Årets lokalavis. Lørdagskvelden krydres også med Lars Støvlands orkester og Schlagerselskabet (bildet under). Jan-Andrè Olsen frå Nedre Eiker skal vere kveldens toastmaster.

Enda meir om kulturprogrammet ser du her.

 

Praktisk informasjon: Landsmøtehotellet Scandic Ambassadeur Drammen ligg svært sentralt på Strømsø torg 7, tre minuttars spasertur frå Drammen jernbanestasjon og busstasjonen. Både Flytoget og NSB kjører frå og til Oslo lufthavn. Togturen frå Gardermoen til Drammen tar èin time. Kjem du med bil, kan du blant anna parkere i garasjeanlegget ved hotellet.

Hvis du vil vite kven som har meldt seg på (per 26. mars), kan du laste ned deltakerlista her:

Påmeldtepr26mars

Dersom du har gløymd å melde deg på, så send ein epost til lene()lla.no i dag, eventuelt kan du ringe Lene Østberg på mobil 452 89 222.

Rom på hotellet reserverer du kun gjennom påmeldinga di hos LLA. Reisen ordner du sjølv.

Her kan du laste ned prisane for landsmøtet 2019:

Landsmøtepriser2019