DSCF2844

I 2019 møtes vi i elvebyen Drammen

Årets høgdepunkt i 2019 blir LLAs landsmøte i Drammen frå fredag 29. mars!

Alt no bør du merke av ein av neste års kanskje viktigste datoer! Fredag 29. mars opnar LLA og lokalavisenes landsmøte 2019 i Drammen. Då kjem nok ein gong avisene saman for å få ny kunnskap, idear og inspirasjon til å lage enda bedre lokalaviser.

Er du redaksjonell medarbeidar, kan du dagen før dagen få med deg eit spennande gravekurs. Då samarbeider vi med SKUP om eit skreddarsydd gravekurs for lokalaviser.

Vi byr også på inspirasjon til korleis lokalavisene kan bidra til utvikle lokalmiljøet sitt. Drammen er eit godt eksempel på lokal identitet – og samarbeid mellom lokalavisa og andre gode krefter i nærmiljøet.

LLAs landsmøte blir på Scandic Ambassadeur Drammen, rett ved togstasjonen og Flytogterminalen. Du reserverer plass på hotellet samtidig som du melder deg på landsmøtet. Sannsynlegvis legg vi ut foreløpig program og påmeldingsskjema i god tid før jul, men alt no bør du altså legge inn i kalenderen din at vi møtes seinast fredag 29. mars. Registreringa, avispraten og minglinga begynner truleg klokka 10.00 den dagen.