31. mars kl. 11-11.45 blir det ny inspirasjonslunsj i regi av LLA. Då kjem journalist Inga Øygard Jaastad i Hardanger Folkeblad for å fortelje om korleis ho har avdekka kritikkverdige forhold ved eit bufellesskap. Universitetslektor Ingrid Nergården Jortveit blir med for å kome med gode råd, blant anna om bruk av anonyme kjelder i denne typen saker. Jortveit har permisjon frå Norsk Presseforbund for å undervise i presseetikk ved OsloMet.
Her kjem du inn i Teams-møtet fredag 31. mars kl. 11.
I Jaastads saker har anonymiserte tilsette fortalt om ei leiing som mobbar, truar, baksnakkar og straffar tilsette. Pårørande seier at dei er uroa for at brukarane ikkje får det dei treng av hjelp og tilsyn. Kommunens HR-avdeling seier at dei meiner det ikkje er utfordringar med arbeidsmiljøet. Dei seier derimot at dei slit med høgt sjukefråvær og rekruttering, og er redde for at negativ medieomtale skal gjere det endå vanskelegare å rekruttere. Les meir om sakene her.
Ressursmangel er ei kjend utfordring innan helse og omsorg. Er det verksemder med ekstra høgt sjukefråvær, kan det vera verdt ein ekstra sjekk av arbeidstilhøva.