Lokal handel: Nettsamling for markedsmedarbeidarane

19. november 2020 kl. 11:00
LLA

På LLAs landsmøte i Ålesund skulle Rune Henden (bildet) hatt eit foredrag om korleis Polaris-aviser hjelper lokale bedrifter til å få meir salg. Rune, som er Polaris sin regionale salgssjef for Nordfjord og Gudbrandsdalen, skulle ha snakka om alt frå vanleg stillingsannonse til totalpakke med innholdsmarkedsføring, in-banner video, sosiale medier, print- og digitalannonser.

Hvis du har meldt deg på LLAs neste lokal handel-samling på nett, får du nyttige smakebitar frå det planlagte foredraget. Mykje av det Rune og hans kollegaer arbeier med, passer nemleg veldig godt med lokal handel-satsinga som LLA har dratt i gang.

Rune tar oss også gjennom korleis #eghandlarlokalt-kampanjen, som Fjordenes Tidende køyrer, har utvikla seg til å bli eit tett samarbeid med lokalt næringsliv og varehandel.

Nettsamlinga starter klokka 11.00 torsdag 19. november. Den passer best for markeds- og salgsmedarbeidarane, inkludert daglege leiarar, i avisa. Samlinga gjennomføres som Teams-møte og varer ca 45 minuttar. LLAs aviser betaler ingenting for å vere med, då den dekkes av markedskontigenten.

Du må ha meldt deg på på førehand, fristen var onsdag. Du får tilsendt ein møtelink frå Teams torsdag morgon etter klokka 09.00. Sjekk spam-kassen din hvis du ikkje har fått den i god tid før møtestart.

Hjarteleg på gjensyn.