Lokal handel: Inspirasjonssamling for redaksjonen
LLA
LLAs arbeid med lokal handel er også for redaksjonelle medarbeidarar i lokalavisene. Fredag 16. april inviterer vi derfor til inspirasjonssamling på nett, der avisa di får sjå gode eksempler på godt stoff om lokalt næringsliv og lokal handel. Blant anna fortel Eirik Heim i Nye Troms om korleis dei lager temasider om lokal handel.
Vi har også med oss Per Kjetil Jørgensen frå Distriktssenteret/Merkur-programmet. Han skal snakke litt om det lokale kretsløpet, om korleis lokal handel stimulerer den lokale økonomien, om handelslekkasje, butikkens rolle osv.
LLAs lokal handel-arbeid er også ein flik av «Folkevandringa», som nesten 100 lokalaviser er engasjert i no. Lokal handel handlar jo også om verdiskapning og levande lokalsamfunn for innbyggjarane.
Inspirasjonssamlinga blir gjennomført som Teams-møte om morgonen fredag klokka 08.30 og varer i ca 45 minutter.
Dette er ein fin måte å starte dagen på. Lag deg eit par kopper kaffi og sett deg foran pc-skjermen. Vi håper og trur at morgonmøtet på Teams blir ein inspirerande start på dagen for alle i redaksjonen.
PS! Påmeldingsfrist er dagen før dagen klokka 12.00. Husk på trykke på «Avslutt-knappen» i påmeldingsskjemaet for at vi skal få deg med. Torsdag ettermiddag får du ein Teams-invitasjon i epostkassen din, sjekk spam-filteret ditt hvis du ikkje ser den.
For tekniske spørsmål: Lene Østberg, mobil 452 89 222, lene@lla.no
For faglege spørsmål: Geir K. Hus, mobil 452 89 333, geir@lla.no
Hjarteleg på gjensyn!