Lokal handel: Inspirasjonssamling
LLA
Velkommen til ny inspirasjonssamlig for redaktørar og journalistar
Klokka 12.00 torsdag 6. mai inviterer LLA redaksjonelle medarbeidarar til ei ny inspirasjonssamling om lokal handel. I løpet av ein dryg halvtime byr vi på to innslag i Teams-møtet:
Offentlege innkjøp: Er det fritt fram for kommunane å gjere offentlege innkjøp lokalt? Distriktssenteret og Merkur-programmets Per Kjetil Jørgensen gir oss eit kort overblikk og foreslår konkrete saker å jobbe vidare med.
Oppfølging av Folkevandringa: LLAs Laila Borge viser konkrete eksempel på næringslivsstoff i avisene – i lys av at også livskraftige arbeidsplassar må til for å gjere det interessant å bu og leve i bygdene. Laila gir også nokre tips til fleire saker rundt Victor Norman og Demografiutvalgets rapport.
Vi håper du og dine kollegaer i redaksjonen koker dykk minst eit par koppar kaffi og tar resten av lunsjen saman med oss i LLA klokka 12.00 torsdag 6 mai. Vi avrunder etter ein halvtime.
Alle som var med på forrige lokal handel-samling for redaksjonelle medarbeidarar blir inviterte rett frå lokal handel gruppa i Teams. Hvis du er usikker på om du er med der, kan du her og no sende ein epost til lene@lla.no for å melde deg på gruppa og inspirasjonssamlinga for redaksjonelle medarbeidarar.
Påmeldingsfrist: Onsdag klokka 16.00
PS! Samme dag har LLA ei Teams-samling også for markedsansvarlege. Klokka 09.00 har vi info-møte om den nye reiselivs- og lokal handel-portalen vår. Invitasjon er sendt alle daglege leiarar og markedsansvarlege.
Hjarteleg på gjensyn førstkomande torsdag.