Lokal handel: Første nettsamling

30. oktober 2020 kl. 11:00
LLA

Både redaksjonane og markedsarbeidarane inviteres til å vere med på LLAs introduksjonssamling om lokalt næringsliv og lokal handel førstkomande fredag 30. oktober. Då presenterer vi planlagte handle lokalt-aktivitetar og idear, samtidig som vi tar i mot ønsker og innspel for LLAs nye satsing.

Alt skjer på nett, som Teams-møte, fredag klokka 11.00. Alle som er påmeldt, får invitasjon frå Teams-gruppa.

Lokal handel-satsinga som Landslaget for lokalaviser (LLA) drar i gang denne veka, er delvis for redaksjonane, delvis for markedsmedarbeidarane i lokalavisene. Målet er at alle skal få meir kunnskap og inspirasjon om noko som betyr mykje både for lesarane og annonsørane.

– Redaktørane og journalistane skal få inspirasjon og tips til å lage enda fleire gode, uavhengige og spennande saker om nettopp lokalt næringsliv og varehandel. Det gjer vi fordi avisene også har eit ansvar for å spegle denne delen av lokalmiljøet, men også fordi vi ser at næringslivsstoff er blant det som engasjerer lesarane mest. Det kom fram seinast på Lokal & digital-konferansen sist veke, seier LLAs generalsekretær Tomas Bruvik. Han understreker at avisenes dekning av lokalt næringsliv og lokal handel sjølvsagt framleis skal gjerast innanfor dei presseetiske rammene, blant anna godt nedfelt i Vær varsom-plakaten.

Betre rådgjevarar

Dei som arbeider med marked og annonser i lokalavisene, skal få kompetanse og inspirasjon – for å bli enda betre rådgjevarar og samtalepartnarar for lokale butikkar.

– Markedsmedarbeidarane i lokalavisene kan jo mykje om handel og markedsføring den dag i dag, men gjennom lokal handel-satsinga håper vi å kunne ta eit par steg vidare. Vi skal blant anna grave fram meir varehandelkunnskap, slik at markedsmedarbeidarane i avisene kan bli enda betre rådgjevarar for lokale bedrifter og annonsørar, seier LLAs markeds- og informasjonssjef Geir K. Hus. Han legg til at medarbeidarane ute i lokalavisene også er kjente for å dele erfaringar og idear. No legg LLA til rette for å dyrke dette enda meir:

– LLAs handle lokalt-satsing blir ein kurs- og inspirasjonsserie på nett minst éin gong i månaden, der vi mellom kvar nettsamling fyller på med nyttig kunnskap, idear og oppskrifter i LLAs idébank. Eksempelvis har vi med oss litt inspirasjon frå Stangeavisa på første samling, i andre runde har vi med oss Rune Henden som arbeider for Fjordenes Tidende og andre Polaris-aviser. Henden skal blant anna gi oss litt av det som var meint som landsmøteforedrag om lokal handel, seier Geir K. Hus.

LLA arbeider også med ein haldningskampanje som skal gå både på nett og i papirutgåvene gjennom høsten og vinteren.

Som ein liten smakebit på LLAs nye lokal handel-satsing, kan du i videoen vår øverst i artikkelen sjå og høyre Stangeavisas redaktør Lars Kristian Seierstad, kremmar Morten Pettersson og distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland. Skru opp lyden, videoen tar bare ca 1,5 minutt.

Påmeldingsfristen var torsdag klokka 12.00. Alle som er påmeldt, får invitasjon frå Teams-gruppa.