Avlyst: LLAs landsmøte 2020

13. mars 2020
LLA

AVLYST 10. MARS.

Fredag 13. mars er det klart for offisiell opning av lokalavisenes store høgdepunkt i 2020; LLA og lokalavisenes landsmøte i Ålesund.

Vi tjuvstartar med leiarsamling, pressepolitikk og formelt årsmøte dagen før dagen, altså torsdag 12. mars, klokka 17.00.

Sjølve landsmøtet opnar med kulturinnslag og inspirerande opningsforedrag fredag 13. mars klokka 11.00. Minst ein time før det, opnar vi for registrering, morgonkaffi, avisprat, leverandørtreff og Norges største avisbord!

Det aller meste om LLAs landsmøte finn du no på landsmøtesidene våre.

Alt skjer i Ålesund sentrum, på Scandic Parken (i forgrunnen på bildet under). Hotel bestilles gjennom LLA når du melder deg på landsmøtet vårt.

Dei av dykk som ikkje skal kjøre bil eller buss, bør sjekke SAS, Norwegian eller Hurtigruten og gjerne bestille billettar i god tid.

Hjarteleg på gjensyn i Ålesund i mars.