LLA og lokalavisenes landsmøte 2023
LLA
LLA og lokalavisenes landsmøte blir vårens vakraste eventyr! I flotte omgjevnader i Tromsø, ofte kalla Nordens Paris, rundt 200 lokalavismedarbeidarar og bransjefolk for å få meir kunnskap, idear og inspirasjon.
Vi håper du og dine er blant gjestene våre når vi i Landslaget for lokalaviser (LLA) opnar årets landsmøte fredag 21. april. Tar du turen til Tromsø då, kan vi love deg at du får to-tre dagar du vil leve på lenge. LLA og lokalavisenes landsmøte er noko langt meir enn bare tunge foredrag og lett møtemat: Kjem du til årets store lokalavissamling i nord, byr vi på ei herleg blanding av plenumsforedrag, praktiske fagsesjonar, leverandørutstilling, kulturinnslag, byopplevelser, festmiddag og gjeve prisutdelingar.
For mange er den uformelle avispraten mellom alt saman det aller viktigaste: På LLA og lokalavisenes landsmøte kjem folk frå store deler av Norge for å få, og gi, erfaringar og praktiske tips som du kan ta med deg heim til eigen kvardag. Du får også anledningen til å knyte kontakt med bransjefolk som du kan ha nytte og glede av i lang tid.
Besøk dei nye konferansesidene våre og du får opp alt du treng vite om årets landsmøte.
Blant anna vil du sjå at offisiell landsmøteopning er klokka 12.00 fredag 21. april. Då sender kulturminister Anette Trettebergstuen ei helsing via video, før LLAs styreleiar Øystein Øygarden ønskjer velkomen. Deretter blir det opningsforedrag med Marianne Lein Moe – og et hav av valgfrie parallellsesjonar, der alle på avishuset truleg vil finne noko interessant og matnyttig.
Du bør vere på plass på Clarion Hotel The Edge i god tid før dette. Daglege leiarar og redaktørar er velkomen til LLAs formelle årsmøte alt to timar tidlegare; klokka 10.00 fredagen. Her kan du laste ned årsmøtepapira.
Prisar og påmelding finn du på dei nye konferansesidene våre. Merk at du også bestiller rom på landsmøtehotellet gjennom LLA. Reisen ordnar du sjølv, og vi anbefaler å bestille eventuelle flybillettar så tidleg som mulig. Både SAS, Norwegian og Widerøe flyr til og frå Tromsø. Hurtigruten og Havila Kystruten har båtreiser til årets landsmøteby.
LLAs landsmøte er for alle avismedarbeidarar og andre bransjefolk som er glade i lokalavisene.
Hjarteleg velkomen til årets lokalavistreff i Tromsø.
Foto: Fjellheisen. Dette er éin av fleire muligheter for å oppleve meir av Tromsø etter det faglege programmet lørdagen.