LLA i debatt på Arendalsuka
Presseorganisasjonane
Også Landslaget for lokalaviser (LLA) er i Arendal denne veka. Tysdag deltok LLAs generalsekretær Tomas Bruvik i debatt om mediestøtte, rammevilkår og tech-gigantar.
Stortingspolitikarane Trond Giske (Ap), Åslaug Sem-Jacobsen (Sp), Tage Pettersen (Høgre) og Emma Lindh (Venstre), statssekretær i Kulturdepartementet, deltok på mediedebatten under Arendalsuka (bildet).
Samtlege av dei fire politikarane var klare på at lokalavisene skal prioriterast framover. Tage Pettersen (H) var klar på at mediestøtta ikkje samla bør aukast, men at kronene framleis må fordelast mot lokalavisene, som Pettersen sa var det viktigaste virkemiddelet for lokalavisene.
Trond Giske (Ap) ville heller ikkje auka den samla pressestøtta, men sjå på vridning mot lokale medier. Åslaug Sem-Jakobsen lova ei samla auka i mediestøtta, med ein auke til alle mediene i ordninga. Emma Lindh (V) var tydeleg på at også Venstre framleis vil prioritera lokalavisene.
LLA peikte på at eigendelen på 50 prosent når lokalavisene søkjer innovasjonstøtte, er vanskeleg for avisene. Dei fire politikarane lova at eigendelen skal ned.
Debatten blei sendt også live på Pressenshus.no
Alt om Arendalsuka finn du her.
Både LLAs generalsekretær Tomas Bruvik og pressepolitisk rådgjevar Rune Hetland er i byen to-tre dagar når Arendalsuka blir arrangert denne veka.
For meir informasjon og eventuelle kommentarar:
Tomas Bruvik, LLA, mobil 411 08 523, tomas@lla.no
Rune Hetland, LLA, mobil 452 89 444, rune@lla.no