Liten, men digital

Illustrasjon

Velkommen til LLAs «Liten, men digital» denne veka: Frå torsdag klokka 17.00 og heile fredagen har LLA digitalsamling på Comfort Hotel RunWay, Hans Gaarders vei 27, Gardermoen.

Hotellet ligg knappe ti minutters kjøretur unna Oslo lufthavn . Buss S44 frå flyplassen til hotellet kvar kvarter. 70 kroner per person.

Gjennom nesten eitt døgn med foredrag og cases får du nyttige oppdateringar rundt aktuelle digitale muligheter som lokalavisene har.

Oppdatert program:

Torsdag 8. september:

17.00: Introduksjon og overblikk: Oppsummering frå WAN-IFRA-konferansen i Cartagena, v/ Roar V. Osmundsen og Tomas Bruvik, LLAs styre. Geir K. Hus, LLAs markedssjef, med ferske tall og trendar frå annonsemarkedet.

19.30: Middag og avisprat

(Bla deg lengre ned for fredags-programmet…)

tastaturfoto

 

Fredag 9. september

08.30 Case 1: Trønder-Avisa, om det redaksjonelle og kommersielle samspillet mellom nett og papir – og om arbeidet med åpen innovasjon i lokalmiljøet. Med Fredrik Mandal, framtidssjef. Trønder-Avisa-konsernet eig fire LLA-aviser og har mange redaksjonelle- og markedsmessige erfaringar som dei fleste lokalaviser vil ha nytte av å høyre om.

09.30 Case 2: Västerbottens-Kuriren driver ei spennande lokalavis, på alle plattformer, i Nord-Sverige. På Gardermoen fortel Sture Bergman, VD og konsernsjef, om korleis dei gjer organisasjonen sin digital og korleis dei forsøker å møte framtida.

10.30 Case 3: Aller og Dagbladet bruker Facebook aktivt både redaksjonelt og kommersielt. Hildegunn Soldal, direktør for strategiske partnerskap i Aller, deler erfaringar og fortel korleis også lokalavisene kan bruke Facebook, steg-for-steg.

11.00: Case 4: Som ei av landets første lokalaviser har Eidsvoll Ullensaker Blad begynt å eksperimentere med Instant Article på Facebook. Redaktør Roger Aarli-Grøndalen fortel oss korleis dei gjer det steg-for-steg, og om dei første erfaringane.

11.30 Lunsj

12.30 To spor å velge mellom:

Markedssporet:

Slik hjelper vi lokale kunder no: Schibsted og Aftenposten vil ta sterkare grep om lokale markeder. Mediehuset vil også hjelpe lokale butikkar med netthandel og programmatisk annonsekjøp. Introduksjon med Schibsteds innovasjonsleder Ole Andreas Sandbo og Anders Enger, sjef for programatic i Schibsted. Enger snakker om korleis og kvifor lokalavisene kan tilby programmatisk annonsering – og om konsernets nye annonseplattform; Appnexus.

Kort beinstrekk.

Ole Andreas Sandbo, Aftenposten/Schibsted om Powered by lokalavisa (PowBy).

Slik kan vi dokumentere effekt: 5 minutter om LLAs arbeid med å dokumentere effekten av annonser på nett og papir, v/ Geir K. Hus, LLA

Redaksjonssporet:

Digital historiefortelling, work-shop: Slik presenterer vi sakene våre på nye og spennande måtar gjennom enkle digitale verktøy, v/ redaktør Marit Kalgraf i Vestnytt og fotojournalist Anne Jo Lexander i Askøyværingen

Lesarbilde på Facebook: Fanaposten er blant dei største avisene i Hordaland på Facebook, blant anna ved å satse sterkt på lesarbilde i eiga avis og på Facebook. Redaktør Ståle Melhus deler erfaringane sine så langt.

Felles for alle:

14.00 Media City Bergen: Dagleg leiar Anne Jacobsen om blant anna kva som kjenneteikner eit innovativt miljø, og om kva som kreves av avisene i framtida. Marius Monsen om korleis VIzStory og Vizrt kan forenkle kvardagen til ein journalist.

15.00 Spørsmål, kommentarar og oppsummering.

Ei handfull leverandørar er også med oss: Anygraf, Thin/Newsflow, Grannar, Fornøyde Folk, Zissor, Roxen og Mediaconnect.

 

mobilfoto

 

Praktisk informasjon og prisar:

LLAs digitale konferanse er på Comfort Hotel RunWay, Hans Gaarders vei 27, Gardermoen, 7 minutters kjøring frå Oslo lufthavn.

Buss S44 frå flyplassen til hotellet kvar kvarter. 70 kroner per person.

Vi forutsetter at alle deltakarar fredag er med på heile programmet fram til avslutninga klokka 15.00.

Prisar: Pakkepris: 2900 kroner, som inkluderer alle foredrag/cases, alle måltid inkl. middag torsdag kveld, éi overnatting og øvrige konferanse- og hotelutgifter. Drikke og reiseutgifter betales individuelt.

For eventuell deltakelse kun fredagen: 1900 kroner, som inkluderer foredrag/cases, lunsj og øvrige konferanse- og hotelutgifter. Drikke og reiseutgifter betales individuelt.

For praktiske spørsmål og eventuell etterpåmelding: Lene Østberg, LLA, lene()lla.no eller dir. tlf. 452 89 222.

For spørsmål om det faglege programmet: Geir K. Hus, LLA, geir()lla.no eller dir. tlf. 452 89 333.

Hjarteleg velkomen til ein nyttig digital start på hausten.

Beste helsing LLAs styre og sekretariat.