Fagdag frå Pressens hus

17. juni 2021 kl. 12:00
LLA

Trykk på denne linken for å sjå LLAs fagdag.

Vi sender direkte frå Pressens hus. Du får dermed heile programmet med deg digitalt.

LLAs generalsekretær Tomas Bruvik (bildet) er på plass i nye Pressens hus og skal leia første delen av sendinga. Dette er programmet:

12.00: Del I: Slik får vi med oss unge lesarar!

Vi legg fram ei undersøking blant 20 til 40-åringar i alle kommunane som dekkes av ei LLA-avis. Vi får vite kva folk i denne aldersgruppa tenkjer om lokalavisene.

Jon Erik Ofstad, Subscrybe, snakker om ein innholdsundersøkelse frå lokalavisa Raumnes sitt dekningsområde.

Deretter blir det debatt om korleis avisene skal møte utfordringa frå lesarane. I debatten deltar redaktør Lillian Holden i Hallingdølen, redaktør Fred C. Gjestad i Raumnes og innhaldsutviklar Fredrik Dyrnes Svendsen i Amedia.

Etter debatten kjem Gard Michalsen med gode råd til lokalavisene. Michalsen har sjølv jobba i lokalavis. I tillegg etablerte han i si tid Medier24 og har også jobba som redaktør i E24.

Ca 13.15: Del II: Den store haustjakta. Om forholdet mellom politikarar og lokalaviser før stortingsvalet

Mellom stortingsvala uttrykker mange lokalaviser frustrasjon over at det ikkje er så enkelt å få tak i rikspolitikarane, særleg partitoppane, men også ofte stortingsrepresentantar frå eige fylke. Før vala blir jakta snudd. Då er det stortingskandidatane som vil ha tak i journalistane for å bli intervjua!

På LLAs fagdag spør vi: Kva forventar stortingskandidatane av lokalavisene? Og kva forventar lokalavisene av stortingskandidatar og stortingsrepresentantar? Med i debatten blir stortingspolitikarane Åslaug Sem-Jacobsen (Sp), Tage Pettersen (Høgre) og Trond Giske (Ap). Alle tre er i Familie- og kulturkomiteen på Stortinget. Frå lokalavisene deltar redaktørane Liv Maren Mæhre Vold i Alvdal midt i Væla, og Gaute Freng i Ringsaker Blad.

Etter debatten blir det litt om pressepolitikk. Då blir også LLAs styreleiar Øystein Øygarden med i samtalen.

Del II på fagdagen blir leia av LLAs pressepolitiske rådgjevar Rune Hetland.

Når fagdagen er over torsdag, legg vi siste hand på morgondagens prismarkering:

Fredag 18. juni klokka 19.00:

LLAs prismarkering, blant anna med kåring av Årets lokalaviser

Sending direkte frå Hotel Christiania Teater i Oslo. Samtidig oppfordrer vi alle LLAs medlemsaviser om å ha eigne lokale sosiale arrangement på avishusa.

Les meir om LLAs prismarkering her.

Generalsekretær Tomas Bruvik (t.h.) og pressepolitisk rådgjevar Rune Hetland skal leia LLAs fagdag torsdag 17. juni. Det tre timars faglege programmet blir sendt direkte frå Pressens hus.