ANFOs Den Store Annonsørdagen

Dersom du arbeider med annonser og ikkje klarer å vente heilt til LLAs Liten & digital i Bergen i slutten av oktober med få inspirasjon og kunnskap, kan du også melde deg på ANFO Annonsørforeningen sitt årlege arrangement på andre sida av fjellet; Den Store Annonsørdagen!

I tillegg til fagleg innhald, er Den Store Annonsørdagen ein stor mingleplass for annonsørar og medier. Arrangementet er i Oslo torsdag 11. oktober, og vi har fått ein avtale med ANFO, der LLAs medlemsaviser kan melde seg på til samme pris som ANFO-medlemer. Det betyr ca 1500 kroner i rabatt. Meir informasjon og påmelding her:

https://www.anfo.no/dsad-2018