Hordaland Folkeblad har valt ut ein tidlegare skuleklasse for å kartleggje kvar folk har blitt av. Kristina Sofie Kvåle har laga illustrasjonane.
Hordaland Folkeblad har valt ut ein tidlegare skuleklasse for å kartleggje kvar folk har blitt av. Kristina Sofie Kvåle har laga illustrasjonane.

Viser flyttestraumane på kart

Hordaland Folkeblad bruker fire dobbeltsider på Den store folkevandringa i avisa i dag. Dei har både kart, tabellar og klassebilete i tillegg til intervju med to unge familiar.

Kor mange flytta bort, og kor mange blei? Hordaland Folkeblad har mellom anna brukt eit førsteklassebilde frå 1995/1996 som utgangspunkt for å kartleggja kvar folk har blitt av. Dei har også laga eit stort kart som dei presenterer liggjande på ei dobbeltside, for å visa statistikken. På kartet har dei forstørra Hordaland, ettersom flest har flytta til kommunar i Hordaland.

Her kan du sjå alle sidene.

Avisa har intervjua eit par som valde å flytta tilbake til hennar barndomsheim. Ho ville gje borna den same trygge oppveksten som ho sjølv hadde.

Dei har og intervjua ein som flytta heim for ein periode, men som opplevde at det var utfordrande å få relevant jobb. Dessutan hadde få av barndomskompisane blitt verande, og han måtte bli kjent med nye folk. At 11 av 17 elevar i fyrsteklassen hans har flytta, trur han hovudsakleg skuldast to ting — jobb og kjærleik.

På nett har avisa brukt Datawrapper til å laga grafar som viser folketalsframskrivingar og tabell som viser kvar folk har flytta.