Video behandles, snart klar.

Vil knyte folk saman med videoportrett

Med korte videoportrett får Bø blad vist fram ei mengd ansikt som vanlegvis ikkje er i avisa.

Serien «Kånn i Midt-Telemark» («Oss i Midt-Telemark») har rulla og gått på Bø blad sine nettsider sidan i fjor vår. Målet med videoportretta er å gjere folk i den samanslåtte kommunen litt meir kjent med kvarandre, og bidra til at avstanden mellom dei ulike grendene blir mindre og samhaldet større.

– Då kommunane først var slått saman, ville vi vere med å dra det i ei positiv retning, seier redaktør Hilde Eika Nesje.

Gro frå Gvarv

I serien møter ein Gro frå Gvarv og Roar frå Bø, ikkje ordførar og direktør. Personane finn dei fram til gjennom idédugnad i redaksjonen og ved å spørje folk om dei har kollegaer eller vener som kan vere aktuelle.

– Det er lett for å tenke på framskotne personar, men då har vi heller tenkt på kona, for eksempel. Målet er å få fram flest mogleg folk som ikkje er i spaltene til vanleg. Vi ville ha med både yngre og eldre, fordi vi ønskjer fleire yngre og eldre brukarar på nett, seier Nesje.

Med hjelp av eit skjema sikrar dei seg variasjon i kjønn, alder og bustad.

Innovasjonsstøtte

Bø blad har fått innovasjonsstøtte av Medietilsynet til prosjektet, som skal bidra til digital utvikling av avisa. Pengane blei mellom anna brukt til å kjøpe inn fullt kamerautstyr.

Det er studenten Eline Nesje  – tilfeldigvis Hilde Eika Nesje si dotter  – som har laga videoportretta. Ho brukar omtrent tre timar på kvart portrett.

Å få overført kunnskapen til resten av redaksjonen har ikkje vore så lett i ein travel kvardag. Redaksjonen har difor planar om å ta kurs i videojournalistikk.