Ideen om å laga ein frivilligdag og ei frivilligavis, kom i 2020 då det meste av lag- og organisasjonsliv var sett på pause. Avisa ville bidra til ei god gjenopning for dei lokale organisasjonane.
– I kvardagen skriv vi mest om fotball og handball. Det er flest som driv med det, men det finst jo så utruleg mykje anna òg. No ville vi visa heile spekteret, både for dei som er aktuelle til å bli med i lagslivet, og for dei som sjølv står på for at born og unge skal ha eit tilbod, seier redaktør Jostein Halland.
(Teksten held fram etter biletet)
Mange ringverknader
Planen for Frivilligdagen var at Os & Fusaposten skulle fasilitera og marknadsføra ein dag der lag og organisasjonar frå heile kommunen fekk tilbod om å koma og visa seg fram i Os sentrum.
– Det ville gje veldig mange eit forhold til oss, i og med at det er så mange som er frivillige eller har barn eller barnebarn som driv med ein aktivitet, seier redaktøren.
Det har førebels vore vanskeleg å gjennomføra ein slik dag, men avisa har gitt ut to frivilligaviser og har ei tredje på trappene. I frivilligavisa har dei reportasjar og intervju med ei rekkje ulike ildsjeler, lag og organisasjonar. Avisa har også ei god mengd relevante annonsar.
Sjølv om dette ikkje er dei sakene som gir størst trafikk når ein måler dei opp mot blålyssaker, trur Halland at dei har mange positive ringverknader.
– Vi knyter nye kontaktar, får fleire tips, får fleire ansikt i avisa og blir meir synlege, seier han.
Lette å be
Dessutan er det kjekke saker å jobba med.
– Det er hyggeleg å løfta fram alt det frivillige arbeidet som blir gjort. Det manglar ikkje på idear, og organisasjonane er alltid lette å be om å stilla opp, seier han.
For å auka interessa for sakene, trur han det gjeld å finna gode vinklingar og gode bilete.
– Sjølv om ideen er veldig generell, kan ein finna gode inngangar om ein borar lenge nok og stiller mange nok spørsmål, seier han.
Les også om Bø blad si systematiske dekning av frivilligheita i Frivillighetens år 2022:
Lokalavisene er den fremste målbæreren av frivillig aktivitet
Sjå døme frå LLA-prosjektet «Med på laget», der vi for nokre år sidan jobba spesielt med journalistikk om lag og organisasjonar:
Heltene som skaper bedre lokalsamfunn
Takker de frivillige med egen frivilligavis
Arrangerte løp til inntekt for inkluderende lagsliv
I samband med prosjektet besøkte vi Rødovre Lokal Nyt i Danmark, ei lokalavis som sjølv bidrog til å skapa lokale aktiviteter og auka frivilligheit.