Vest-Telemark blad sin korona-kronologi i papiravisa.
Vest-Telemark blad sin korona-kronologi i papiravisa.

– Ver tydeleg på kva tid papiravisa gjekk i trykken

Det har Vest-Telemark blad vore ekstra merksame på i siste papiravis, etter at dei publiserte ei utdatert sak i førre avis.

Det er i dag ikkje mogleg å lage ei oppdatert papiravis, står det i leiaren i Vest-Telemark blad tysdag.

Redaksjonen har likevel gjort sitt beste for å lage ei god papiravis der nesten alt stoffet handlar om korona-situasjonen. Dei har mellom anna ei tre siders oversikt over kva som har skjedd nasjonalt og lokalt dei siste dagane.

– Det er ikkje plass til alle sakene vi har hatt digitalt i papiravisa. Vi valde å hente ut nokre sitat og lage ei kronologisk framstilling, seier redaktør Øystein Øygarden.

Også i dei andre sakene kjem det tydeleg fram kva tid sakene er skrivne.

Redaktøren er ekstra bevisst på dette etter at avisa hadde ei sak på trykk fredag, som dei hadde henta inn tysdag, om at hotelldirektøren i Rauland trudde hotella i fjellheimen kunne kome til å klare seg bra gjennom koronakrisa. Då saka sto på trykk var hotellet allereie stengt.

– Vi må ta atterhald heile vegen, vere tydelege på kva tid avisa går i trykken og ikkje prøve å late som ho er heilt oppdatert. Det er vanskeleg å lage papiravis i dag, samtidig veit vi at det er mange som berre har papiravisa, seier redaktøren.

Vest-Telemark blad gjekk ned fire sider i tysdagsavisa.

– Tidlegare kunne vi kopiere mykje av stoffet frå nett, men no er nettsaken eldgamle på trykkedagen så alt må nærast lagast frå botn. I tillegg er det færre annonsar, seier han.

I helgeavisa reknar han med å ha helgesaker og portrettintervju som vanleg.

– Vi har jo ein del stoff liggjande, men vi må vere tydelege på at det er laga tidlegare, seier han.

Leiaren i Vest-Telemark blad:

Det er i dag ikkje mogleg å lage ei oppdatert papiravis.

 Framleis les ein stor del Vest-Telemark blad på papir, men stadig fleire blir også digitale lesarar. Tida me er inne i nå markerer eit klart skilje og vil gje avisene endå fleire digitale lesarar. Det er rett og slett ikkje mogleg å lage ei oppdatert papiravis.

 Men me veit at ikkje alle er komfortable på nettet, og for fleire er det berre papiravisa som gjeld. Derfor vil me sjølvsagt prøve å lage ei kronologisk presentasjon av det som har skjedd frå dag til dag, men me ser kor fort alt endrar seg.

 På vtb.no er alle saker om koronaviruset som handlar om liv og helse opne for alle. Det same er saker med viktig informasjon frå kommunane ved ordførar og kommuneoverlege. Dette fordi Vest-Telemark blad har eit stort samfunnsansvar, og klarer å nå mange. Til dømes var det meir enn 14 000 unike lesarar av vtb.no laurdag. Det normale talet er 2000.

 Men også nokon korona-saker tek me betalt for. Vest-Telemark blad er også ein del av næringslivet som blir råka hardt. Talet på annonsar – som utgjer nesten halvparten av inntektene – går monaleg ned. Lokalavisa treng inntekter for å lage god journalistikk og for å syte for at me skal kunne utføre samfunnsoppdraget også i framtida.

 Det er tøffe tider. Me er alle råka i større eller mindre grad. Men me har alle eit ansvar.

Tak vare på kvarandre.