More 2

Ventetid, gruing og mageknip!

Som oftast ser vi reportasjer om vaksne som tar korona-test. Møre sin medarbeidar laga like godt ei fin sak på si eiga dotter og to andre ni-åringar som måtte testast.

– Dotter mi hamna plutseleg i karantene fordi ein lærar på trinnet hennar hadde fått korona. Ho måtte så klart teste seg, men sidan ho ikkje hadde gjort dette før vart ho naturleg nok uroleg, seier Tonje Marie N. Aarflot i Møre. Ho kom derfor på ideen om å skrive ein artikkel om korleis barn har det når dei må gjennom korona-testing.

– Dotter mi ville også at vi skulle lage ein artikkel slik at andre born kunne vite korleis det var å ta denne testen. For det er mange som testar seg, men som regel er det berre reportasjar frå når vaksne gjer det, seier Aarflot. Slik blei reportasjen: