Unik dokumentasjon av lokalt arbeidsliv

I løpet av éin kvardag trefte Grenda fleire enn 80 ulike arbeidskvinner og -menn på jobb.

Dei 55 bileta med bildetekstar vart publiserte både på nett og i papiravisa. (Foto: Skjermdump frå Grenda.no)

Heile redaksjonen drog ut med kamera for å forevige aktiviteten på lokale arbeidsplassar.

– Det var ein kjekk sak å gjera, og me fekk treft mykje folk og dokumentert mange yrke, fortel redaktør Håvard Sætervik.

Grenda har fått gode tilbakemeldingar på fotoreportasjen.

Sjå heile fotoserien her.

Grenda har laga liknande fotoseriar tidlegare for å dokumentere kvardagslivet i Kvinnherad, ein gong med adventstida som raud tråd. Dette er den første reportasjen med arbeidsliv som tema.