Videopris til Hallingdølen

Hallingdølen sitt sportsportrett av Gjermund Bråten tok videosigeren på journalistkonferansen «Gull og Gråstein» siste helga i oktober.


Over 60 bidrag var sendt inn til konkurransen, og fem bidrag var plukka ut til finalen. Her hadde Hallingdølen to av bidraga.
Ein videoreportasje om Bøygard si plateinnspeling på Skrindo vart plukka ut som ein av fire videoar som fekk heiderleg omtale, medan sportsportrettet av Gjermund Bråten gjekk heilt til topps.
Portrettet var ein del av ein tredelt serie om idrettstalenta Pål Golberg, Vetle Sjåstad Christiansen og Gjermund Bråten. Den fekk prisen for beste programserie under De Nordiske Mediedager i Bergen tidlegare i år.
– Levande bilete er noko ein aldri kan presentere i ei papiravis, men nettet er ei plattform der dette kan takast i bruk. Det er viktig at også lokalavisene klarar å henge seg på her, seier Erlend Hagen, som stod bak serien.
Han fortel at Hallingdølen skal halde fram å satse på videoproduksjon også i tida som kjem, og meiner den teknologiske utviklinga vil føre til at fleire og fleire aktørar henger seg på.
– Men sjølv om det teknisk er lettare å skape videoar i dag, og utstyret er mykje billigare, må ein også meistre faget slik at ein kan fortelje dei gode historiene, seier han.
Redaktør Bjarne Tormodsgard er godt nøgd med helgas fangst, og deler inntrykket av at videoproduksjon berre vert viktigare og viktigare i dagens mediebransje.
– Det er gledeleg at me klarar å hevde oss. Dette er ei fjør i hatten til redaksjonen, der alle lagar video, og ei ekstra fjør i hatten til Erlend Hagen, seier han.

Teksten er henta frå Hallingdølen sine nettsider