På 40- og 50-talet var det skule på seks av øyane i Fitjar. No bur det knapt folk på nokon av dei 381 øyane. Sunnhordland har laga reportasje om to av dei, Kjellaug og Rolf Røyrøy som framleis bur på Koløy, 87 år gamle.
Oppdatering april 2018: Marius Knutsen og Sunnhordland fekk heiderleg omtale for fotoreportasjen i «Årets lokalavisfoto 2017».
Reportasjen om dei siste øybuarane sto på trykk i siste utgåva av magasinet «Mitt Sunnhordland», og gjev eit varmt og ekte bilete av korleis det har vore å bu på ei vêrhard øy og vere avhengig av båt heile livet. Mykje har endra seg på dei 87 åra, og påhengsmotoren og telefonen har gjort øylivet lettare.
Sjølv om det til tider har vore utfordrande å bu slik, kunne ekteparet aldri tenkt seg å bu ein annan plass. Men dei hadde ikkje gjort det ein gong til, fortel dei til Sunnhordland.
Bla deg gjennom den flotte reportasjen i galleriet over og la deg inspirere av temavalg, foto og bladbunad.