Tre av dei lokale mediehusa på Søre Sunnmøre, Vestlandsnytt, Møre-Nytt og Vikebladet Vestposten, har gått saman om TV-satsinga Søre-TV. Dei har i fellesskap tilsett Lisa Bendal som videojournalist i ei prosjektstilling.
Førebels er dette eit toårig prosjekt som dei tre avisene håpar skal bidra til å trekkje unge vaksne lesarar.
Avgrensa område
– Det hadde ikkje vore så lett å ta eit slikt prosjekt åleine, men no deler vi kostnadene, seier redaktør Endre Vorren i Vestlandsnytt.
Han vil oppmode andre til å vurdere samarbeid, om forholda ligg til rette for det.
– Under visse føresetnader kan det fungere bra, seier han.
For dei tre avisene på Søre Sunnmøre, fungerer det godt med sampublisering fordi dei til saman dekkjer eit avgrensa geografisk område, med relativt kort køyrelengd mellom kommunane. Alle avisene publiserer alle videoane.
Dei tre redaktørene har faste møte saman med videojournalisten, der dei evaluerer og planlegg.
– Då har vi idémyldringar om kva folk er interesserte i, seier Lisa Bendal.
Smått om stort
Bendal jaktar ikkje på nyheitsstoff, men prøver heller å lage videoar som kan gjere dagen litt betre for lesarane. Ho har mellom anna reist rundt og intervjua born i barnehagar til serien «Smått om stort», som har slått godt an.
– Den har vi fått veldig mange gode tilbakemeldingar på, seier ho.
Her kan du sjå episoden «Kva er kjærleik?», som er open.
I tillegg har dei avtale med ein ekstern leverandør som leverer forbrukarstoff, og dei oppmodar ofte lesarane til å sende inn videoar, mellom anna med konkurransen «Månadens beste lesarvideo».