– Ideen var å gjenbruke gammalt gull for å dra opp lesartala, forklarer redaktør Esther Moe.
I arkiva frå den gongen avisa var ei rein papiravis, ligg det mange godt gjennomarbeidde featuresaker som framleis kan vere godt lesestoff. Ved å «hente dei opp frå frysaren» og publisere sakene digitalt gjev Suldalsposten dei nytt liv.
Ved å sjå bakover i arkiva på dagens dato, finn dei stoff som treffer på årstid. Vidare ser dei etter saker som dei sjølv syntest var stas.
– Mykje av stoffet er akkurat like fint i dag, og det er mange kjekke gjensyn. Mellom saker om pandemi og ras er det fint med noko mjukare magasinstoff, seier Esther Moe.
I tillegg til eit par arkivsaker deler dei ei langles-sak frå Nynorsk Pressekontor. Sakene vert lagt ut kvar helg, og har ein fast plass på framsida av nettavisa under vignetten «Suldalsposten spanderer».
Esther Moe ser at sakene vert lest, og avisa har hatt godt framgang i trafikken den siste månaden. Førebels har dei ikkje evaluert effekten av satsinga, som dei starta i slutten av oktober. Ved nyttår vil dei evaluere og vurdere om dei skal halde fram med «Suldalsposten spanderer».
– Det krev ein del tid å hente fram det gamle stoffet og publisere det digitalt, så vi må vurdere om det er verdt tida vi bruker, seier Esther Moe.