Fjordenes Tidende sin spaltist, Jarl Wåge, var på Cran Canaria då koronaviruset trefte verda. Etter streng karantene der, kom han seg endeleg heim til nye 14 dagar i karantene i Norge. I ein kommentarserie deler han no smått og stort frå livet i koranakarante.
Han fortel mellom anna om korleis han ein dag fann ut at han kunne legge ut på tur heime:
Eg planla ei runde rundt i alle rom og på terrassen. Når eg utnytta kvar krik og krok, blei den på 80 skritt. Deretter laga eg video som eg delte på Facebook og Twitter for å vise «landskapet» eg skulle gå gjennom. Som tips og inspirasjon for andre. Eg gjekk i ein time og ti minutt. 4 kilometer.
Spalta er veldig populær, fortel redaktør Erling Wåge.