Boemlo-nytt-rekruttering

Søker nye journalistar med annonsørinnhald

Bømlo-nytt nyttar innhaldsmarknadsføring for å annonsere etter nye journalistar.

Mange slit med rekrutteringa om dagen. Kanskje kan ein lokke nye folk inn i journalistyrket ved å vise fram nokon som har tatt steget? Det gjorde Bømlo-nytt i denne eigenannonsen, der dei har intervjua ein av sine eigne tilsette som nyleg vart journalist etter mange år i interiørbransjen. Ho fortel mellom anna om kva jobben går ut på, korleis ho trivst i jobben og kvifor ho søkte på jobben.