Formannskap og kommunedirektør i diskusjon om den manglande interessa for koronastøtte i kommunen. I ettertid viste det seg at søknadsrunden ikkje var godt nok utlyst. Foto: Magne Solhaug, Vaksdalposten
Formannskap og kommunedirektør i diskusjon om den manglande interessa for koronastøtte i kommunen. I ettertid viste det seg at søknadsrunden ikkje var godt nok utlyst. Foto: Magne Solhaug, Vaksdalposten

Snudde etter lokalavissak

Då Vaksdal kommune berre fekk tre søknader om koronastøtte frå næringslivet, fann Vaksdalposten ut at kommunen ikkje hadde informert godt nok om søknadsrunden.

I tredje utlysningsrunde av kompensasjonsmiddel som kommunane administrerer, kom det berre tre søknader til Vaksdal kommune. Berre éi av verksemdene fekk pengar. Kommunen klarte dermed ikkje å bruka opp midla, og planla å returnera over 400.000 kroner. Då tok Vaksdalposten kontakt med fire lokale bedrifter som truleg ligg innanfor kriteria for å søkja, men som ikkje hadde søkt. Felles for dei alle var at dei ikkje visste om at det føregjekk ein lokal tildelingsrunde i Vaksdal no i haust.

Opnar for nye søknader

Kommunedirektøren meinte at det var informert godt om utlysinga, men Vaksdalposten fann ut at det berre var informert på kommunen si nettside og Facebook-side. I første runde vart det i tillegg annonsert i lokalavisa, og i andre runde sende næringsrådet e-post til alle sine bedrifter.

Først svarte kommunedirektøren at dette må kommunen læra av og informera betre ein annan gong. Men etter eit skarpt brev frå styret i Vaksdal Næringsråd, opnar kommunen no for ein ny, rask søknadsrunde (+) for å sleppa å senda pengar i retur. Næringsrådet skreiv:

«Det er med undring me les i VaksdalPosten at Vaksdal kommune sender 408 000,- kroner tiltenkt lokalt næringsliv attende til staten. Forklaringa kommunedirektør kjem med om at dei ikkje kan ringa rundt til lokalt næringsliv å be dei om å søkja, held ikkje. Ei langt betre løysing kunne vore å marknadsført desse sårt trengte midlane betre.»

Same problem i Farsund

Lister snakka med fleire næringsdrivande som etterlyste betre informasjon frå kommunen. Foto: Olav Andras Hoel, Lister

Også i Farsund kommune kom det berre tre søknader i siste ulysingsrunde. Der vart det foreslått å dele potten på desse tre, noko som innebar at dei ville få meir enn dei hadde søkt om. Der valde formannskapet å utsetje sakshandsaminga fordi dei meinte at fleire måtte få sjansen til å søkja om pengar.

Det kom fram at utlysinga ikkje hadde vore skikkeleg kunngjort. Lokalavisa Lister har intervjua fleire næringsdrivande (+) som ikkje hadde fått med seg utlysinga, og som etterlyser betre informasjon.

For Lister dukka det også opp ei anna problemstilling. Kommunen har engasjert det halvoffentlege selskapet Lister Nyskaping til å vurdera søknadene. Lister Nyskaping har såkalte mål-bedrifter, verksemder som dei gjev ekstra merksemd i ulike samanhengar. Det var Lister Nyskaping som hadde utforma forslaget til vedtak om utbetaling av midlar, noko som fekk politikarar til å reagera.

Lokalavisa kontakta offentleg-ekspert Gunnar Bodahl-Johansen (+) for ein kommentar.

– Det er på ingen måte ulovlig. Men det reiser interessante spørsmål om habilitet, sa Bodahl-Johansen.