Som debattansvarleg jobbar Marit Folkedal Lussand med å hente inn meir debattstoff og gjere det synleg. (Foto: Selfie)
Som debattansvarleg jobbar Marit Folkedal Lussand med å hente inn meir debattstoff og gjere det synleg. (Foto: Selfie)

Slik kan du få meir debattstoff

Ved å setje av 20 prosent av ei stilling til jobben som debattansvarleg, har avisa Hordaland gitt debattstoffet eit fortent løft.

Marit Folkedal Lussand har i snart eitt år hatt ansvaret for debattstoffet i Hordaland. Sjølv om det berre er 20 prosent av stillinga hennar som er sett av til jobben som debattansvarleg, trur ho det gjer stor skilnad at det faktisk er nokon i redaksjonen som har dette ansvaret. Spesielt viktig meiner ho det er å bruke tid på å fronte lesarbidraga.

– Eg jobbar like mykje med fronting av lesarinnlegg som andre saker. Eg hentar ofte ut ei setning som treff spikaren på hovudet. I tillegg ber eg ofte om eit bilde av vedkommande eller av situasjonen, for å vekke meir interesse, seier ho.

– God fronting gjer at debattstoffet kan bli lest vel så godt som andre saker, legg ho til.

Også dei som redigerer fronten bidreg med å skapa gode inngangar til lesarinnlegga på nettavisa.

Finn innlegg på Facebook

Lussand jobbar aktivt med å hente inn debattstoff.

– Eg følgjer med i Facebook-grupper for mindre grender og større bygder, der folk iblant kan ha mykje på hjartet. Til dømes var det ei sak om barnehagestruktur oppe i heradet. Då vart det diskusjon om kva barnehage som eventuelt måtte gå. Ei mor hadde skrive eit innlegg på Facebook som var veldig fint og skapte engasjement. Eg spurde om ho kunne tenkje seg å ha det som eit lesarinnlegg. Eg har berre fått positive svar på slike spørsmål, sjølv om folk ikkje har skrive det som lesarinnlegg i utgangspunktet, seier ho.

Vanlegvis treng ikkje Facebook-tekstane å endrast.

– Tekstane er ofte veldig bra i utgangspunktet. Dei skal jo ikkje vere så formelle. Men dei manglar tittel, så eg kjem med forslag til tittel eller spør om skribentane har ein idé sjølv.

På denne måten kan avisa sikre seg ein miks av ulike tema og skribentar. Dei får blant anna fram fleire unge stemmer.

Hordaland har og planar om å arrangera skrivekonkurranse retta mot unge skribentar for å fleire lesarbidrag.

Prioriterer lokalt

Debattstoffet i Hordaland har ein eigen profil og er samla under «Ordet fritt», der det også ligg eit skjema til å sende inn lesarinnlegg utan å bruke e-post.

Lussand les gjennom alt som kjem inn av lesarinnlegg. Så langt det lar seg gjere prioriterer ho innlegg med lokal forankring, anten fordi skribenten er lokal eller fordi temaet har lokal relevans. Ho går over grammatikken i tekstane, og nokon gongar kontaktar ho skribenten med forslag til korleis teksten kan kortast ned.

Akkurat no går debatten om framtida til villmarkslinja på Voss. Det er noko som engasjerer, og avisa har fått lesarinnlegg frå både tiandeklassingar og tidlegare elevar: