Tysdag 12. oktober kl. 10.00 legg den avtroppande Regjeringa Solberg fram sitt forslag til statsbudsjett for 2022. Pressemelding med nøkkeltall kjem kl. 8.00.
Til inspirasjon løftar vi fram døme på korleis avisa Hordaland og Sogn Avis dekka statsbudsjettet for to år sidan. Dei såg på positive og negative konsekvensar for kommunane og andre sentrale aktørar og sjekka kor mykje som var sett av til viktige næringar og konkrete saker og verksemder.
Dei to avisene har ikkje planane klare for årets statsbudsjett, men reknar med at dei vil gjere ein del av det same som før.
– Det vert vel som sist i form av konsekvensar, både positive og negative, for sentrale aktørar i og rundt vossebygda, kommenterer redaktør Guro Valland i Avisa Hordaland.
Avisa Hordaland tok ein prat med (+) stortingsrepresentant og vossing Nils T. Bjørke (Sp) for å få førsteinntrykket hans av statsbudsjettet. Han trekte mellom anna fram overføringa av skatteinnkrevinga frå kommunane til skatteetaten, han meinte det vart sett av for lite pengar til flaumsikring i Vossavassdraget, og han sakna nye løyvingar til veg og bane mellom Arna og Voss.
Avisa hadde og ei større sak om reiselivsnæringa med intervju med dagleg leiar i Destinasjon Voss, som reagerte på kutt i midlane til marknadsføring av norsk reiseliv, og ei sak om Ekstremsportveko som hadde søkt om midlar over statsbudsjettet men ikkje fekk ei krone. I begge sakene hadde dei intervju med den lokale stortingsrepresentanten Terje Breivik (V) og lokalpolitikarar.
Også Sogn Avis snakka med rådmenn og politikarar for å få umiddelbare reaksjonar på statsbudsjettet. Av lokalt næringsliv henta dei kommentar frå Lerum, som var skuffa over at sukkeravgift vart videreført. Leiaren i Sogn og Fjordane bondelag reagerte på at det vart gitt mindre pengar til førebygging av skred og flaum.
Her kan du sjå dei fire sidene som Sogn Avis hadde om framlegginga av statsbudsjettet i 2019.
Sogn Avis hadde lett tilgang på ein del av kjeldene på Statens hus i Leikanger, der mange var samla for å følgje framlegginga av statsbudsjettet og få kommentarar frå Statsforvaltaren.
– Det blir interessant å sjå korleis dette blir i år når det foregår digitalt, seier redaktør Arve Uglum.
I år blir det mange digitale informasjonsmøte, her er nokre døme:
Statsforvaltaren i Oslo og Viken inviterer kommunane til informasjonsmøte på Teams om kommuneopplegget i regjeringens forslag til statsbudsjett for 2022.
Rådgivnings- og revisjonsselskapet BDO Norge held webinar same dag kl. 14 om det viktigaste frå budsjettforslaget innan skatt og avgift.
Statsforvalteren i Trøndelag, Trøndelag fylkeskommune og KS arrangerer neste dag eit Teams-møte der dei vil gå gjennom budsjettforslagets verknader for kommunane i Trøndelag og legga fram fordelinga av skjønnsmidla.
KS held seminar om statsbudsjettet onsdag 13. oktober kl. 11.00.