Hallingdølen er kåra til årets lokalavis i Europa. Her jublar grafikar Jarle Stanes (t.v.), redaktør Lillian Holden og vaktsjef Olav Johannes Bøthun. Foto: Elias Dahlen, Hallingdølen
Hallingdølen er kåra til årets lokalavis i Europa. Her jublar grafikar Jarle Stanes (t.v.), redaktør Lillian Holden og vaktsjef Olav Johannes Bøthun. Foto: Elias Dahlen, Hallingdølen

Slik jobbar papirdesken i Europas beste lokalavis

Hallingdølen er kåra til årets europeiske lokalavis. Vi ba vinnaravisas mediegrafikar Jarle Stanes dele nokre gode råd.

Hallingdølens konsept og design er ein veldig god modell for lokalaviser over heile Europa, fastslo juryen i design- og konseptkonkurransen European Newspaper Award då dei kåra Hallingdølen til årets europeiske lokalavis.

Juryen la mellom anna vekt på at avisa gjev god plass til lesarbrev, at dei alltid løftar fram lokale enkeltpersonar og grupper og at dei har ein bildeorientert layout med eit stort bilde midt på dobbeltsida. Dei trekte og fram at hovudsakene ofte går over fire-fem sider, noko som gjev plass til å gå i djupna. Kvaliteten på fotoreportasjane, som gjerne går over åtte til ti sider, er ofte på høgde med regionale og nasjonale aviser frå heile Europa, skreiv juryen.

Lagar seg tid

Hallingdølen har framleis eiga grafisk avdeling. Som andre opplever også dei at veksten kjem digitalt – men nedgangen på papir er liten.

– Vi har støtt vore opptatt av å ha god kvalitet på papiravisa. Eg trur det er derfor vi har klart å halde papirproduktet oppe, seier mediegrafikar Jarle Stanes.

Han fortel at det er dei gode, gamle grafiske reglane som gjeld framleis. Dei passar på at stoffet er godt prioritert, at teksten er lesbar, at sidene vert tydelege, ryddige og reine, og at gode bilder får god plass.

Stanes, som har ansvar for papiravisas layout, fortel at grafikarane lagar seg god tid til å jobbe med dei store reportasjane. Det klarar dei fordi dei har gode rutiner og jobbar raskt med resten av avisa.

– Vi som jobbar på desken har innarbeidd i ryggmargen korleis sidene skal sjå ut, og sjølv om vi ikkje har malstyring følgjer vi faste oppsett, seier han.

God tid til reportasjane

Når papirdesken er fullt bemanna er det to som redigerer og prioriterer stoffet og lager grovskisser på papir, og to grafikarar som lager sidene ut frå dei enkle skissene.

Medan dei stressar for å kome i mål med papiravisa, har dei ro over seg og større handlefridom når dei går laus på magasinstoffet.

– Vi kan som regel jobbe i to-tre dagar med ei stor sak, seier Stanes.

Hallingdølen har fire faste magasin i året: påske, ferie, haust og vinter. I tillegg kjem ulike ekstraproduksjonar, som motormagasin og næringsmagasin. Desken har ein månads produksjonstid på magasina. Ideelt sett betyr det at dei får ein del av stoffet frå redaksjonen fire veker før trykking, og det siste ei veke før.

Hallingdølen sine magasin kan du lese gratis her.

TV2s God morgen Norge vitja Hallingdølen tysdag denne veka. I denne saka hjå Hallingdølen kan du sjå utdrag av sendinga.

Kommentaren frå juryen:

Hallingdølen is a classic local newspaper, typical for Scandinavia. The newspaper focuses entirely on local news. That is why individuals and groups from the region are always in the foreground.
A lot of space is given to readers‘ opinions. This shows that the newspaper is deeply rooted in the communication and opinion-forming of the region.
The layout is picture-oriented, with a large picture almost always at the centre of a double-page spread. Cover and cover stories often run over four to five pages to ensure the necessary depth of coverage.
In the quality of photo reports, which often run over eight to ten pages, Hallingdølen is often on a par with regional and national newspapers from all over Europe.
Overall: Hallingdølen‘s concept and design are a very good model for local newspapers all over Europe.