Slik hjalp Os og Fusaposten kommunen med innhaldsmarknadsføring om eldreomsorg

Bjørnafjorden kommune ville ha hjelp til å marknadsføra heimehjelptenestene. Os og Fusaposten sydde saman ein flott pakke med lyd og bilde for nett og mobil.

Bjørnafjorden kommune i Vestland fylke er som mange andre kommunar opptatt av at eldre folk skal klare seg så godt dei kan heime, sjølv når dei må slite med små eller store helseplager. Derfor har kommunen innført begrepet «omsorgstrappo», der kommunen og dei eldre har nær kontakt for å finne ut korleis folk kan klare seg heime så lenge og så godt dei kan.

– Kommunen hadde sjølv film og bilde, men dei lurte på om vi kunne hjelpa dei med å sy saman innhaldet og lage noko fint ut av det. Vi gav dei ein pakke med innhaldsmarknadsføring, blant anna med videoinnslag, linkar og grafikk. Det seier Ann Christin Nøss (bildet) i Os og Fusaposten. Ho smykker seg med tittelen «Marknadstaus» i lokalavisa.

– Eg laga også nett- og mobilannonsar som har gitt gode resultat for kommunen. Alt i alt var dette eit kjekt prosjekt i ei tid der kommunen ville spare pengar på annonsering i papiravisa. Så klarte vi altså å lage ei fin nettsatsing som visar kva tenester kommunen tilbyr. Måten vi har gjort det på, kan kanskje vere eit tips til dei andre avisene i LLA-familien om kva som er mulig å få til når annonsørane reduserer dei tradisjonelle annonsebudsjetta sine, seier Ann Christin i Os og Fusaposten.

Her kan du sjå dei tre historiane og informasjonssidene som lokalavisa laga for Bjørnafjorden kommune:

Gjertrud Håvik

Gaute Dyrdal

Birgit Sæbø