– Vi lagde denne annonsen for kommunen i full fart torsdag. Det var stor velvilje fra kommunen, og denne gangen var det viktigste argumentet at mange av innbyggerne ikke var digitale. De satte stor pris på å ha muligheten for å benytte lokalavisa, seier markedskonsulent Trude Hiller i Steinkjer-avisa (bildet). Avisa kjem ut på papir kvar fredag, har også nettavis og eit netto-opplag på drøye 4700.
Hiller og Steinkjer-avisa arbeider også med å få fleire lesarar til å bruke nettavisa:
– Vi opplever at lesere i større grad ønsker å benytte den digitale tilgangen for å oppdatere seg raskt og i nåtid, så vi er i gang med å lage enkel 1-2-3- veiledning for hvordan de skal gjøre dette. Dette tenker vi å kjøre på print og digitalt. Dette gjør vi i samarbeid med Trønder-Avisa og Namdalsavisa.
Slik ser Steinkjer-avisas kommuneannonse ut (alle eksemplene kan lastes ned som pdf-fil i bunnen på artikkelen):
I Norheimsund kjem lokalavisa Hordaland Folkeblad ut tysdagar og fredagar, med eit opplag på nesten 5000. Annonsekonsulent Hilde Saxsæter klarte å få med seg Kvam herad på ei dobbeltside før helga. Hilde seier dette til LLA: – Eg synes kommunane bør bruka lokalavisa i desse tider, det set mange eldre i heimane sine som ikkje er inne på kommunen sine nettsider.
Ryfylke i Sauda, med eit opplag på ca 2300, er også eit eksempel på lokalavis som alt forrige veke klarte å jobbe inn kommunen som annonsør. Til liks med dei fleste andre aviser opplevde også Ryfylke stor svikt i annonsevolumet sist veke, men dagleg leiar og redaktør Knut Atle Seim gjekk inn i helga med eit bittelite håp om at ikkje alt ville vere heilt svart:
– Utan å friskmelda verken det eine og det andre; KIWI er på banen igjen og Coop har ikkje avbestilt innrykk i tysdagsavisa. Me smiler i allefall litt i dag, sa Knut Atle Seim, vel vitande om at det blir nok av utfordringar i annonsemarknaden dei neste vekene. Slik var Sauda kommune si annonse:
Som meldt sist veke, fekk både Sulaposten og Vestnesavisa med seg kommunane sine på kommunale annonser om korona-situasjonen.
Redaktør og daglig leder Odd Solnørdal i Sulaposten hadde som vanlig idémyldring for alle på avishuset. Deretter tok markedsmedarbeider Åshild Anette Reitan kontakt med kommunen.
– Dette resulterte i at kommunen rykka inn ei dobbeltside i avisa med nødvendig informasjon om korona-tiltaka i Sula kommune. Det blir nok fleire slike annonser i tida framover, vi har ei ny dobbelside frå kommunen alt denne veka. I tillegg køyrer også to lokale bedrifter kvar si dobbelside.
Slik såg Sula-annonsen ut:
Sulapostens annonse inspirerte blant anna Vestnesavisa.
– Etter inspirasjon frå Åshild og Odd i Sulaposten tok eg kontakt med ordføraren i Vestnes før eg la meg i går. Det resulterte i at kommunen kjøpte ei heilside med enkle tips og råd om koerleis folk skal forholde seg i den situasjonen vi er i no. Dermed fekk vi demma bittelitt opp for det stupet i annonseinntekter som vi opplever i desse dager. Vi håper også at kommunen blir med oss vidare, sa Torstein Sønstabø til LLA for nokre dagar sidan. Han og Vestnesavisa lanserte dessuten ny nettavis sist fredag, så no har lokalavisa også anledning til å selje nettannonser.
Vestnes si annonse i papiravisa ser slik ut:
Samtidig som vi gler oss over at fleire lokalaviser alt har fått med seg kommunane sine på denne type annonser, arbeider LLA for å få også dei aller fleste øvrige kommunar inn i samme sporet. LLA har blant anna sendt ei direkte oppfordring til samtlege kommunar i Norge. I desse dagar trykker også mange lokalaviser kronikken/lesarbrevet som vi først publiserte i Medier24.no, der vi utfordrar kommunane til å bruke annonsetilbodet til lokalavisene.
Lesarbrevet kan lastast ned på nynorsk og bokmål her:
Her kan du laste ned pdf-filer av annonsene som er omtalt i denne artikkelen: