Prosjektet resulterte mellom anna i spørsmålsstafetten "Folk i Bjørnafjorden - alle har ei historie".
Prosjektet resulterte mellom anna i spørsmålsstafetten "Folk i Bjørnafjorden - alle har ei historie".

Skriv meir forståeleg for unge vaksne

Saker om vanlege folk, organiserte og uorganiserte aktivitetar, lokal utvikling og trening var mellom ønska som kom fram i Os & Fusapostens møte med 20-40-åringar.

Os & Fusaposten har undersøkt kva dei kan gjera for å blir meir attraktive for folk i alderen 20-40. Med innovasjonsstøtte frå Medietilsynet kunne dei tilsetje Sofie Bugge i ei 80 prosent stilling i eit halv år. Ho fekk ansvar for dekkinga av saker mot målgruppa, og oppfølginga av prosjektet.

Tidleg i prosjektperioden var Bugge i samarbeid med LLA rundt og møtte fleire lesarar i den rette aldersgruppa. Dei vitja mellom anna ulike arbeidsplassar og foreldreutval. Dei forsøkte å kartleggja lesarane sine interesser og engasjement, kva innhald dei ønskjer i lokalavisa, i kva form dei vil ha stoffet presentert, kvifor eller kvifor ikkje dei har abonnement, korleis avisa når fram til dei og kva inntrykk dei har av avisa.

Ein del svar gjekk igjen hos fleire:

Korleis kan Os & Fusaposten vera synleg?

  • Stå på stand på treningssenter eller butikk
  • Snakka med folk
  • Be om tips
  • Vera synleg som journalist ute på reportasjar

Kva skal til for at unge vaksne blir lojale lesarar av Os & Fusaposten?

  • Visa fram kva avisa har som ikkje finst på sosiale medium
  • Visa at lokale meiningar kjem til uttrykk i lokalavisa
  • Visa at lokalavisa speglar det som er viktig i lokalsamfunnet
  • Vera ein «møtestad» for unge folk
  • Pris har betydning. Må stå i stil med kva lesarane får
  • Dela ut gratisaviser. Innimellom la folk få lesa sakene digitalt utan abonnement

Dette er dei opptatt av:

  • Dei som har barn er opptatt av barn, oppvekst og familieliv.
  • Dei som ikkje har barn er opptatt av trening og idrett.
  • Friluftsliv, natur
  • Miljø
  • Lokal utvikling og politikk

Dette vil dei ha i Os & Fusaposten:

  • Bygdeportrett
  • Miniportrett
  • Saker om skulepolitikk
  • Saker om lokalt engasjement
  • Frivilligheit
  • Serie om organisasjonar og fritidstilbod for barn og unge
  • Saker om uorganiserte aktivitetar som unge driv med
  • Sport og lokalidrett på alle nivå
  • Lokale hendingar
  • Politikk – analysar og forklaringar
  • Trening og folkehelse
  • Saker om bedrifter, gründerar, tilflyttarar
  • Utbygging og utvikling
  • Historie
  • Miljø, klima, dyrevelferd, matproduksjon
  • TV-seriar og musikk
  • Kulturliv, lokale arrangement
  • Globale tema med lokal vinkling
  • Quiz
  • Eigedomssal
  • «Månadens politikar»
  • Kommuneøkonomi

Lesarpanel

I etterkant av denne sonderinga, vart det oppretta eit lesarpenal med kring 20 lesarar frå målgruppa. Desse fekk abonnement i Os & Fusaposten for å følgja sakene, og blei samla i ei Facebook-gruppe der dei kunne komma med tips og tilbakemeldingar på saker. Os & Fusaposten prøvde også gjennom Facebook-gruppa å visa korleis dei jobbar journalistisk og korleis dei løyser dei ulike sakene.

Under ei samling med lesarpanelet halvveges i prosjektet, gjekk dei mellom anna gjennom fronten på dagens avis, og viste fram konkrete saker som hadde vore på trykk i tida lesarpanelet hadde vore aktivt. Her kom det konkrete tips.

Til dømes var dei yngste i gruppa einige om at dei var ferdige med å lesa om korona, men då nokre av dei eldste i gruppa føreslo nye vinklingar, t.d. korleis har det lokale næringslivet og aktivitetstilbodet endra seg under pandemien, var også dei yngre interesserte i slike saker.

Dei ga også tilbakemelding om saker som burde setjast inn i ein kontekst. Det viste seg også at enkelte saker var vinkla på ein måte som gjorde at dei yngste i gruppa ikkje forsto kva dei handla om.

Mindre einspora

Ved å skriva meir om 20-40-åringar, har Os & Fusaposten vorte tvinga til å oppsøke nye kjelder, seier redaktør Jostein Halland.

– Vi har vorte mindre enspora i kildetilfang og stofftype, og vorte meir bevisst på å skriva forståeleg, og plassere sakene historisk, geografisk og i ein kontekst. Vi har begynt å skriva alder på alle unge vi skriv om, og det skaper større bevissthet om alderenen på kjeldene, seier han.

– Vi sit óg igjen med at vi har behov for tett dialog med den gjengse lesar, legg han til.

Abonnementsauke

Det siste året, der prosjektet har vore ein vesentleg del av det redaksjonelle produktet, kan avisa visa til ein historisk høg auke i abonnement (+303 frå våren 2021 til våren 2022). Kor mange som direkte kan tilskrivast prosjektet, er vanskeleg å seia noko konkret om, men trenden for avisa er god, og snittalderen på nye abonnentar (i all hovudsak digitale) går ned og er no på i underkant av 50 år.

Den digitale trafikken har også auka monaleg siste året, frå 24.000-25.000 sidevisningar i snitt per dag hausten 2021, til nesten 40.000 i snitt per dag hausten 2022.

Os & Fusaposten kunne ikkje sjå eit tydeleg mønster lesinga av saker i den aktuelle aldersgruppa. Gode saker om unge vaksne blei lest godt av abonnentar i alle aldrar.

– Kjekt å vere i lesarpanel

Fleire av lesarane i Os & Fusapostens lesarpanel har meldt tilbake at dei sette pris på å bli invitert inn i lesarpanelet.

– Eg vart svært glad då eg blei invitert inn i lesarpanelet, då eg alltid har hatt eit spesielt forhold til avisa. Det at eg skulle få lov til å vere med på å komma med innspel til kva saker avisa skulle setje søkelys på, var utruleg kjekt, var tilbakemeldinga frå Kjetil Torget (27).

Han omtaler prosjektet som spennande, lærerikt, givande og ikkje minst kjekt. Han synest og at han ser forskjell på avisa etter prosjektet.

– Eg opplevde spesielt i starten av prosjektet at det kom fleire saker på dei områda avisa fekk innspel om. For eksempel når avisa fekk innspel om dei kunne skriva om spesielle saker/tema knytta til helse og oppvekst, så kom det ein god del saker om dette. Vidare opplever eg at avisa publiserer fleire saker enn før, og er meir aktiv på sosiale medier som for eksempel facebook, noko eg meiner er meget positivt, kommenterer han.