Slik ser det ut når ei sak blir omsett frå norsk til litauisk på mobil.
Slik ser det ut når ei sak blir omsett frå norsk til litauisk på mobil.

Skal tilby omsetting av alle saker

Vestnesavisa tar i bruk kunstig intelligens til å omsette alle saker til fleire ulike språk.

Samstundes går Vestnesavisa ut med godt rabatterte abonnement til flyktningar, til 99 kroner for tre månader.

Gjennom eit samarbeid med flyktningtenesta og vaksenopplæringa vil avisa informere flyktningar om at dei kan få billeg abonnement på lokalavisa og at dei kan lese sakene på sitt eige språk.

For å gjere det mogleg å teikne abonnement utan BankID eller Vipps, har avisa laga eit eige skjema for manuell registrering av abonnementa. Dei har brukt tid på formuleringane i skjemaet, for at flyktningane skal forstå det best mogleg.

Redaktør Torstein Sønstabø.

– Vi håpar at dette kan gje oss nokre nye abonnentar, seier redaktør Torstein Sønstabø.

Redaksjonen har ikkje planar om å tilpasse innhaldet til den nye målgruppa.

– Tanken er at vi som lokalavis kan bidra til betre integrering ved at dei kan lese lokale nyhende, seier Sønstabø.

Vestnesavisa bruker ein plug-in frå Dyplink som gjer at abonnentane får opp ei rullegardin med ulike språk som dei kan få sakene omsett til ved hjelp av kunstig intelligens. Redaksjonen har mellom anna valt å tilby arabisk, pashto, polsk, ukrainsk, engelsk, swahili og afrikaans. Oversetjinga blir ikkje kvalitetskontrollert for kvar enkelt sak, men det blir tatt stikkprøver.

Vestnesavisa har ein ukrainsk journalist i språkpraksis. I starten skreiv ho saker på ukrainsk, men no skriv ho på norsk.