Sjå opptak: Inspirasjonslunsj om årets historieforteljing

Gjekk du glipp av fredagens inspirasjonslunsj? No kan du sjå opptaket.

Kyrre Fitje i Sogn Avis og Asbjørn Leirvåg ved Senter for undersøkende journalistikk delte nokre av sine beste råd om historieforteljing under den siste inspirasjonslunsjen. Som tidlegare stilte vi også nokre presseetiske spørsmål, og dei svara spesielt på korleis ein kan verifisere ei historie som skjedde langt unna.

Kyrre Fitje var den første journalisten som vann den nye LLA-prisen Årets historieforteljing. Han fekk prisen for historia «Eit døgn etter spør han seg sjølv. Skal eg venta til hjelpa kjem, eller kasta terning med livet?». Historia handlar om korleis det heldt på å gå skikkeleg gale for ein ung elvepadlar frå Sogndal då han mista kajakken og vart fanga i «Det store juvet» i Sør-Tyrkia.

Elvepadlaren hadde dokumentert turen med actionkamera. Videoopptaka vart ein viktig del av historia til Kyrre Fitje. I videoen over kan du høyre Kyrre fortelje korleis han tenkte om bruken av videoane. Han fortel også om korleis han vart overvelda av det store materialet, og korleis han etter ein passiv periode klarte å kome i gang med å skrive og sy saman forteljinga. Du får også høyre korleis forteljinga vart betre ved hjelp av gode kollegaer.

Asbjørn Leirvåg var i juryen for Årets historieforteljing og journalistprisen. I videoen øvst i denne artikkelen fortel han kvifor juryen vart imponert over historia til Kyrre Fitje. Han kjem med generelle råd til andre som skal gje seg i kast med historieforteljing.