Skjermdump frå VTB-TV. Sjå heile videoen lengre nede i saka.
Skjermdump frå VTB-TV. Sjå heile videoen lengre nede i saka.

Sender nyheiter på arabisk og tigrinja

Vest-Telemark blad har gått i gang med nyheitssendingar på framandspråk. Dei ferske nyheitsankera finn dei gjennom vaksenopplæringa.

Vest-Telemark blad (VTB) har satsa spesielt på levande bilde sidan sommaren 2020, i samarbeid med Dølen og Firdaposten. Avisene har fått innovasjonsstøtte frå Medietilsynet til prosjektet. For den inneverande prosjektperioden er delar av støtta øyremerkt innhald retta mot språklege minoritetar.

Imdi sin innvandrarstatistikk viser at arabisk og polsk er dei mest utbreidde språka blant innvandrarar i Vest-Telemark. VTB valde derfor å starta med nyheiter på arabisk. Vaksenopplæringa, som står for omsetjinga, hadde òg nokon som kunne omsetje til tigrinja, som vart språk nummer to.

– Vi har eigentleg sagt at dei kan omsetje til så mange språk dei vil. Når eg fyrst har redigert sendinga ein gong, er det låg terskel for å leggje ho ut med fleire språk, seier prosjektleiar Aslak Ringhus i VTB-TV.

Førebels har dei ikkje nokon som kan omsetje til polsk, men dei har fått signal om at dei kan få omsetjing til fransk.

Ringhus vel ut eit knippe nyheiter som han sender til voksenopplæringa. Dei omset teksten og filmar nyheitsankera framfor ein kvit vegg. Ringhus legg det heile inn i det digitale studioet.

– Det tek meg nok ein arbeidsdag, men håpet er at det vert enklare når malen har sett seg, seier Ringhus.

Ringhus er spent på reaksjonane frå bygdedyret. Målet er å nå ut til fleire av dei språklege minoritetane og bidra til at dei skal føle seg inkludert i det offentlege ordskiftet lokalt.

Som del av prosjektet har VTB-TV og intervjua dei som les inn nyheitene og andre innvandrarar i Vest-Telemark.