Redaktør Hallvard Tysse i bladstova til Samningen. Foto: Marianne A. Reistad, Samningen
Redaktør Hallvard Tysse i bladstova til Samningen. Foto: Marianne A. Reistad, Samningen

Samningen på nett: – Vi hadde venta veldig lenge

Samningen håpar dei får fleire unge abonnentar når dei no har fått ei fullgod nettavis med betalingsløysing.

– Vi merka at det var for sjeldan å publisera noko på nett ein gong i veka, slik vi har gjort i alle år, seier redaktør Hallvard Tysse i Samningen.

Avisa har ikkje lokale konkurrentar og har høgare dekningsgrad enn regionale medium, men i saker som interesserte NRK eller Bergens Tidende kunne det vera frustrerande å ikkje vera på nett.

– Då hadde vi ingenting å stilla opp med. Dei var på lufta med ein gong, medan vi måtte venta i fleire dagar. Då måtte vi prøva å finna ei anna vinkling på saka, seier Tysse.

Total-tilbod

Opplaget på papiravisa har halde seg ganske stabilt, men når eldre lesarar fell frå av naturlege årsaker har det vore vanskeleg å demma opp for dette med nye unge lesarar. Redaksjonen håpar at det blir lettare å få nye abonnentar når dei no har nettavis og kan publisere nyheiter dagleg i staden for ein gong i veka.

– Dei fleste abonnentane som kjem til no er digitale, fortel Tysse.

I samband med lanseringa av nettavisa har dei tilbod på totalabonnement til 199 kroner ut året.

Hallvard Tysse har eit tydeleg råd til lokalaviser som framleis sit på gjerdet og ikkje har fullgod nettavis:

– Dei bør etter kvart ta steget. Eg synest vi har venta veldig lenge. Vi gjekk først for e-avis som vi har fått ein del brukarar av, no håper vi nettavisa blir vellukka.

Samningen har no ei fullgod nettavis med abonnementsløysing. Foto: Skjermdump frå Samningen.no

Fekk råd frå LLA

Før Samningen tok steget hadde dei besøk av generalsekretær Tomas Bruvik i LLA. Deretter inviterte dei han til eit styremøte for å komma med råd om kva veg ei lokalavis bør ta for å overleve.

Samningen valde Appex si løysing for nettavis. Den er bygd på WordPress, som Samningen hadde kjennskap til frå før. Overgangen har difor vore enkel.

No satsar avisa på å byggja opp nettavisa sakte men sikkert.

– Vi tenkjer at vi vil ha noko innhald først på papir, og noko på nett. Det kan ikkje vera slik at abonnentane berre får stoff dei allerede har lest i papiravisa når dei går inn på nettsida, seier Tysse.

LLA gjev råd om nettavis og/eller innovasjon. Ta kontakt med Tomas Bruvik om du vil diskutere utviklinga av di avis.

Samningen

  • Samningen er ei av dei minste lokalavisene, med eit opplag på 1385.
  • Avisa dekkjer Samnanger kommune med ca. 2500 innbyggjarar. 
  • Avisa har ein redaktør/dagleg leiar, to journalistar og ein marknadskonsulent.
  • Avisa kjem ut på papir kvar torsdag.