For nokre veker sidan delte Samarbeidsdesken ein researchpakke om kor mykje usikra gjeld folk har, med tal på kommunenivå. Dette kan vere ekstra aktuelt no i jula. Ta kontakt med laila@lla.no om du treng tilgang på researchen.
For mange er jula ei tid prega av overflod. Andre treng hjelp til å få mat på bordet. Talet på personar som må få mathjelp frå Frelsesarméen i Florø har dobla seg på eit år, kunne Firdaposten opplyse i november.
Om du skulle tru at brorparten av denne veksten skuldast at fleire flyktningar busette i kommunen enn tidlegare: Slik er det ikkje, ifølgje Frelsesarmeen.
– Det er småbarnsfamiliar med «etniske florøværingar» som er i fleirtal. Vi ser også ein vekst i einslege, eldre minstepensjonistar. Når vi snakkar med barnefamiliane, så er det dyrtida vi lever i, med dei auka renteutgiftene på toppen, som er hovudforklaringa på kvifor dei treng hjelp. Dei eldre forklarar at på ein liten pensjon er det vanskeleg å dekkje alle faste utgifter, fordi dei ikkje har nokon å dele kostnadene med, forklarar løytnant og lokal leiar Lene Walderhaug Dahle til Firdaposten.
Firdaposten har også besøkt eit aktivitetshus med gratis mat og andre gratistilbod.
Ordføraren seier til Firdaposten at kommunen faktisk kan vere med på å gjere ting vanskelegare.
– Vi har busett svært mange flyktningar dei siste åra. Kommunen støvsuger leigemarknaden og har også kjøpt bustadar, og det er vel berre å innsjå at vi dermed blir ein prisdrivar, særleg i leigemarknaden lokalt, innrømmer han.
Nav ser også at stadig fleire slit med å få endane til å møtast. Folk som slit bør ta kontakt så tidleg som mogleg, seier den lokale Nav-sjefen til Firdaposten.
Det same seier den lokale banksjefen: Har du hamna i økonomisk uføre bør du ta kontakt med banken din, jo tidlegare, jo betre!