Olav Røli vann Haugesund Journalistlag sin hovudpris, for saka om Tom Fagerland-forsvinninga. Røli jobba i Sunnhordland då han skreiv saka, no jobbar han i NRK.
Olav Røli vann Haugesund Journalistlag sin hovudpris, for saka om Tom Fagerland-forsvinninga. Røli jobba i Sunnhordland då han skreiv saka, no jobbar han i NRK. FOTO: Henrik Mundal Andreassen

Rekonstruerte forsvinning og vann pris

I reportasjen om Tom Fagerland si forsvinning har journalist Olav Røli rekonstruert mange av detaljane rundt forsvinninga. Kva som skjedde er likevel framleis eit mysterium.

I november 2017 forsvann Tom Fagerland frå Stord på havet. I fjor gravde journalist Olav Røli i Sunnhordland seg ned i detaljane rundt forsvinninga, i håp om å finne svar på kva som skjedde med Tom Fagerland. Det fekk han ikkje svar på. Han viste likevel at han som lokalavisjournalist klarte å gjere eit stort gravearbeid og rekonstruere store delar av hendingsforløpet. Les saka her (PDF).

Ei rekkje kjelder

Det var viktig for Røli at familien til Tom Fagerland visste kva journalisten jobba med. Fagerland sin bror hadde ikkje noko imot at saka kom opp att.

I tillegg til broren har Røli brukt ei rekkje kjelder for å finna ut mest mogleg om kva som hende med Fagerland. Han opplevde politiet som ganske imøtekommande på spørsmål om innsyn og har lese politidokument, med vitneavhøyr, telefonutskrifter etc. Mange av vitna ringde han sjølv også. Han kontakta òg ein forskar på havstraumar, Jon Albretsen ved Havforskingsinstituttet, som gav han nokre modelleringar på straumane i området der sjarken vart sist sett. Vidare var han i kontakt med Kystverket, og trafikksentralen på Fedje, som gav han oversikt over alle båtar som hadde vore i området da Fagerland forsvann. Røli ringte fleire av båtane og spurde om dei hadde sett noko. Nei, var diverre svaret.

Slik opna reportasjen om forsvinninga i papiravisa.

Fekk journalistpris

Røli fekk nyleg Haugesund Journalistlag sin journalistpris for saka. Juryen kalla artikkelen for eit godt stykke journalistisk handverk, og skreiv mellom anna:

Det er mykje informasjon å samle på nokre få avissider, men journalisten er strukturert og dyktig til å formidle. Han balanserer godt mellom harde fakta og lause teoriar, og gjennom intervju med familie og vener får han tydeleg fram både sakn, sorg og frustrasjon. I tillegg gjer bruken av bilete, kart og tidslinje alt mykje meir forståeleg for dei som ikkje er kjende i desse havområda.

Ideen til å skrive om forsvinningssaka, starta då Røli bladde i avisarkivet og kom over ei endå eldre forsvinningssak. Også denne har han forsøkt å finne ut meir om, og han har skrive om saka i ei meir anonymisert form.

Mange hundre nordmenn er registrert i politiets etterlysningsregister. Kanskje nokon frå ditt område fortener merksemd?