Svanhild Storstein er dagleg leiar i Addera Regnskap & Rådgiving. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Svanhild Storstein er dagleg leiar i Addera Regnskap & Rådgiving. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Rekneskapsførar gjev råd, vink og diagnose for det lokale næringslivet

Rekneskapskontoret som har eksistert sidan 1970-talet har godt innblikk i det lokale næringslivet. Sjå sak i Tysvær Bygdeblad og Grannar sitt næringslivsmagasin.

Har de eit lokalt rekneskapskontor? Dei har truleg ein del lokale kundar og ei formeining om korleis det står til med lokale småbedrifter. Kvart år vert det starta rundt 60.000 føretak her i landet. Berre rundt 30 prosent overlever i fem år. Det er spesielt enkeltmannsføretaka som forsvinn raskt (SSB.no).

Til siste utgåve av næringsmagasinet som er eit samarbeid med Grannar, har Alf-Einar Kvalavåg i Tysvær Bygdeblad intervjua dagleg leiar i Addera Regnskap & Rådgiving. Ho tar pulsen på det lokale næringslivet: «Ingenting galt med Tysvær eller økonomien.» Ho fortel at dei har ei stor gruppe med småbedrifter, og kjem med tips om korleis småbedriftene kan unngå at giroar og rekningar forsvinn mellom bilsetene. Kundane treng ofte hjelp både til å halde orden, og til å setje seg inn i lovverket. Ho fortel også om ein marknad i stadig skifte. No er helse på veg inn for fullt.

I næringsmagasinet har Tysvær Bygdeblad og Grannar besøkt både store og små verksemder. Dei har også sjekka med NAV, som fortel at regionen treng fleire arbeidsfolk.

Tysvær Bygdeblad og Grannar har i fleire år samarbeidd om næringslivsjournalistikken. Det gjev dei høve til å hente inn stoff og annonsar frå eit større område. Næringsliv er eit stoffområde der ein gjerne kan utvide horisonten. Både forbrukarar og næringsliv er meir opptekne av kvar dei finn kvarandre enn kvar kommunegrensene går. Som redaktørene skriv i leiaren: – Me er ikkje så opphengt i kommunegrenser.