Sunnhordland vinn pris for magasinet sitt i den europeiske design- og konseptkonkurransen European Newspaper award.
Magasinet «Mitt Sunnhordland» har fått pris for to saker i utgåva frå november 2016: Portrettet med Berte Rommetveit og reportasjen «Ut av skapet».
Mellom årets prisvinnarar er også:
Fanaposten, med pris i kategorien «Photography athmosphere».
Kvinnheringen, med fem prisar i tre ulike kategoriar.
Hallingdølen, med åtte prisar i fem kategoriar.
Morgenbladet vart kåra til årets beste vekeavis.