VANN: Renate Sæle og Hanne Stedje hadde på ingen måte venta at dei skulle få med seg kvar pris heim etter prisfesten til NJ Sogn og Fjordane. Ole Ramshus Sælthun, Arve Uglum og Halvor Storvik fekk også heiderleg omtale for sine bidrag. Foto: Wenche S. Eikum
VANN: Renate Sæle og Hanne Stedje hadde på ingen måte venta at dei skulle få med seg kvar pris heim etter prisfesten til NJ Sogn og Fjordane. Ole Ramshus Sælthun, Arve Uglum og Halvor Storvik fekk også heiderleg omtale for sine bidrag. Foto: Wenche S. Eikum

Prisar for saker om folkevandringa og kvinnelege prestar

Sogn Avis fekk fleire prisar under Sogn og Fjordane journalistlag si prisutdeling. Her kan du sjå noko av den prisvinnande journalistikken.

Alle som har laga kloke, nyskapande saker i «Den store folkevandringa» fekk hovudprisen i open klasse under Sogn og Fjordane journalistlag si prisutdeling. Renate Sæle i Sogn Avis og Asgeir Heimdal Reksnes, Anders Nøkling og Terje Gilleshammer i NRK Vestland vart løfta fram spesielt.

Her kan du sjå pdf av ei av sakene Renate Sæle skreiv, om utdanningsnivå og ei kvinne som valde karriere i Sogn.

Sette søkelys på kjønsdiskriminering

Hanne Stedje i Sogn Avis vann kategorien årets nyheitssak for artiklane om korleis kvinnelege prestar har blitt utsett for utestenging og diskriminering.

Her kan du sjå pdf av ei av sakene om kvinnelege prestar.

Her kan du sjå ei sak om same tema i samband med 8. mars.

Fleire journalistar i Sogn Avis fekk og heiderleg omtale. Ole Ramshus Sælthun i Sogn Avis fekk heider for petitspalta «Skuggeblikk» i open klasse. I årets nyheitssak fekk Arve Uglum og Halvor Farsund Storvik i Sogn Avis heiderleg omtale for «Historia om to ultimatum», ei sak som nøstar opp kvifor politikarane i Sogndal valde ein annan kommunedirektør enn den tilsettingsutvalet hadde anbefalt, og som ordføraren også hadde gått inn for tidlegare. – Dette er ei lekker, politisk gravesak om ei ikkje fullt så lekker rådmannsprosess, skriv juryen.

– Redaktørar bør prioritere tøffare

– Journalistane i Sogn og Fjordane boksar både ein og to vektklassar over sin eigen. Trass i at dei ikkje er så store klarar redaksjonane å prioritere godt. Journalistane går inn i dei største sakene med det som krevst av innsats, sa jurymedlem og kulturredaktør i Bergens Tidende Jens Kihl til Sogn Avis.

Som jurymedlem såg Kihl samstundes at det var mange saker som kunne nådd høgare opp om dei hadde vore meir gjennomarbeidd. Han utfordra redaktørar i lokalavisene til å vere endå tøffare til å prioritere dei sakene som skal få skine.