Første reportasje i serien «Idrettsdraumen» var om keeperen Johnas som trente meir enn nokon gong under pandemien.
Første reportasje i serien «Idrettsdraumen» var om keeperen Johnas som trente meir enn nokon gong under pandemien.

God design: Premiert for serie om unge idrettstalent

Hallingdølen sitt fleirmediale prosjektet «Idrettsdraumen» var eitt av avisas fem vinnarbidrag i designkonkurransen European Newspaper Award.

«Idrettsdraumen» er eit prosjekt som presenterer Hallingdølens lesarar for unge idrettstalent i dalen. Reportasjane består av både tekst, foto og video. Reportasjane er lukka, men her ligg den første av videodokumentarane ope.

Serien vann pris i kategorien «online and crossmedia».

– Veldig gøy å vinne i ein kategori som gjeld online i tillegg til print! kommenterer redaktør Lillian Holden.

Hallingdølen vann og prisar i to spesialkategoriar innan nyheiter: I kategorien «refugees» vann dei med ein sekssiders reportasje frå eit flyktningmottak på Skarslia, og i «Winter olympic games» vann dei med ei sak om Vetle Sjåstad Christiansen før OL, «arven etter goffa».

Den første av tre dobbeltserier i reportasjen frå eit flyktningmottak.

I tillegg vann dei pris innan «visual storytelling» for ei sak i Vintermagasinet over sju sider, om Krigsseglarane. Vintermagasinet ligg ope her.

Innan «infographics» vann dei for ei sak om elgfaren etter vegane i Hallingdal.