Dei siste veken har det knapt vore snakka om noko anna enn den vidaregåande skulen i Lom. Alle frå skuleborn til eldre har engasjert seg, fortel redaktør Hans Erik Kjosbakken i Fjuken.
Lokalavisa tok tidleg standpunkt i saka.
– Vi har vore tydelege på at vi er ein del av lokalsamfunnet og at konsekvensane vil råke oss også. Men vi har ikkje drive sensur, alle politikarar har fått sleppe til med sine innspel, seier Kjosbakken.
Avisa har fått svært mange positive tilbakemeldingar frå lesarane, og kanskje har den grundige dekninga i lokalavisa bidratt til at saka etter kvart også fekk stor merksemd nasjonalt.
Det har vorte mange oppslagssaker om skulesaka.
Tung dag på jobb
Dagen etter at det vart endeleg vedteke å leggje ned skulestaden i Lom, er det tungt å vere på jobb i redaksjonen. Dei tilsette kjenner seg personleg råka, samtidig som dei har bak seg nokre veker med uvanleg travle dagar på jobb. Dei har hatt fleire direktesendingar, og skulesaka har fylt podkastepisodar, papiraviser og nettavis i fleire veker.
– Alle trør til ved større hendingar. Vi er så heldige at vi ikkje treng å gje ordrer, alle tar i eit tak. Men no kjenner alle at det tar på, seier redaktøren.
Han synest det har vore tøffare å jobbe med denne saka enn med andre større hendingar som ras og uvêr. Samstundes overgår trafikken på nettavisa tidlegare toppar. Onsdag hadde dei nær 100.000 sidevisningar, fire gongar det normale.
Unge stemmer
På eit par månader har Fjuken fått 200 lesarinnlegg om skulesaka. Mange nye stemmer har tatt til orde, mellom anna mange unge. Debatten har vore god, synest redaktøren.
– Eg er imponert over kor saklege ottadølane har vore, seier Kjosbakken.
I dag, dagen derpå, har han fått ei ny utfordring: I kommentarfelta har det begynt å dukke opp mange nettroll som kjem med ufine kommentarar.
– Dette er folk som ikkje er lokale. Det skuldast nok at sakene har blitt mykje delt, seier han.
No gler han seg til å ta tak i litt andre saker, samtidig som han trur at skulesaka framleis vil prege nyheitsbiletet.
– Vi skal vere med på å skape positivisme og reise oss att, seier han.